Fylkesordførar Jenny Følling på talarstolen på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde

Foto: Runar B. Mæland/Sogn og Fjordane fylkeskommune

– Sogn og Fjordane skal ha ei leiande strategisk rolle i vestlandsfylket

Fylkesordføraren la vekt på å vere offensiv og gripe moglegheitene i regionreforma i sin tale ved opninga av fylkestinget i Førde tysdag.

– Når det skjer store strukturendringar på mange område over kort tid, så må vi gripe dei moglegheitene som er der, og vere offensive. For oss som er politiske leiarar handlar det om å ta leiarskap og ivareta interessene til folk i fylket, sa Følling i talen sin.

Ho uttrykte stor glede for vedtaket i Stortinget om å behandle overføringa av oppgåver frå staten til fylkeskommunane som éi samla sak, og ikkje stykkevis og delt som regjeringa la opp til.

Viktig gjennombrot

– Dette er eit viktig gjennombrot for at ekspertutvalet sitt arbeid ikkje skal smuldre opp i departementa. Vi har fått tilslutning til bodskapen vår i komitéhøyringa, og eit samla fylkesordførarkollegium og KS sitt påtrykk har vunne fram. Det er vi svært godt fornøgde med, og eg vil spesielt takke KrF for det, sa Følling, og understreka behovet for overføring av makt og midlar:

– Stortinget har tatt initiativet til regionreforma, då må dei også utstyre fylkeskommunane med nye heilskaplege oppgåver, musklar og ei verktøykasse som bidrar til å skape vekst, utvikling, arbeidsplassar og busetting. Ved å be om ei samla behandling av nye oppgåver til fylkeskommunane, så håpar eg det er eit uttrykk for at Stortinget vil gjennomføre reforma fullt og heilt.

Leiande strategisk rolle

Fylkesordføraren la vekt på at Sogn og Fjordane kan og vil ta ein strategisk viktig posisjon i det nye vestlandsfylket.

– Sogn og Fjordane ligg i landstoppen både når det gjeld gjennomføring, trivsel og skuleresultat i den vidaregåande skulen. Dette er blitt lagt merke til. Intensjonsplanen slår fast at Sogn og Fjordane skal ha ei leiande strategisk rolle for opplæringstilbod og næringsutvikling i det vi kallar distrikta i det nye Vestlandsfylket, sa Følling, og peika også på verdien av å bruke kultur til å byggje ein ein felles identitet.

Framtidsretta satsing

– Sogn og Fjordane vore leiande på kulturområdet i mange tiår, og kan bli eit kulturfyrtårn her i vest. Vi har ein felles kulturarv i Gulatinget, i det nynorske språket og her høyrer og Sogn og Fjordane teater heime. Å bygge på vår felles vestlandskultur vil vere viktig for å sveise saman folk i det nye fylket, både politisk og administrativt.

– Eit prosjekt som eg meier er viktig å hjelpe fram er «Nynorsk medie- og kulturhus» i Førde. Der kan vi ta ein aktiv posisjon, satse på våre fortrinn, vår kultur, vårt målføre og vidareutvikle språket vårt. Dette vil vere ei viktig og framtidsretta satsing for å sikre NRK si framtid i fylket, og nynorsken sin posisjon i landet vårt.

Les heile talen her

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven