Tunnelrigg i Strandanipatunnelen innanfrå

Foto: Statens vegvesen

Få dagar til gjennomslag i Strandanipatunnelen

Gjennomslag i tunnelen på fv. 633 til Honningsvågen på Stadt blir i helga eller måndag. Entreprenør YIT har i dag 15 meter igjen på den 595 meter lange tunnelen.

– Det er mest sansynleg at gjennomslagssalva kjem i løpet av helga eller på måndag, så det er like før no, seier prosjektleiar Jon Harald Huseklepp i Statens vegvesen.

Første salve på tunnelen gjekk i byrjinga av november, og no er det altså straks hol igjennom. Den 595 meter lange tunnelen sikrar eit rasfarleg parti på fv. 633 ute ved Stadthavet. Tunnelen er blitt sprengt ut frå båe sidar, og rundt seks månadar har det teke å drive tunnelen. No startar neste fase, med oppbygging av vegbane, frostsikring, drenering og elektriske installasjonar i tunnelen.

Huseklepp seier at drivinga av tunnelen har gått noko seinare enn venta, men tempoet på inndrifta har vore noko raskare den siste månaden. YIT Norge AS har stått for tunneledrivinga, medan Volda Maskin har teke utlasting av steinmassar og bygging av veg og deponi i dagsona. Målet er å få tunnelen klar til opning før kommande vinter set inn for fullt.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven