Folk som diskuterer idear ved bord

Illustrasjonsfoto: Štefan Štefancík

Fleire nyetableringar i Sogn og Fjordane

I 2017 hadde fylket 3,7 nyetableringar per 1000 innbyggarar. Nivået er det høgaste nokon gong.

Det har aldri vore skapt så mange nye arbeidsplassar i Sogn og Fjordane som no. I 2016 kom det 375 nye arbeidsplassar. Berre 46 kom i offentleg sektor, og då i pleie- og omsorgssektoren. Størst vekst har det vore i bygg- og anleggsbransjen, med 1.600 fleire enn i 2010.

Verdiskapinga er høg, i 2016 var fylket fjerde best i landet. Arbeidstakaren i Sogn og Fjordane er produktiv, berre i Oslo var det høgare verdiskaping per tilsett. Verksemdene er lønsame og solide.

Betre på nyetablering

Berre på eitt område har vi vore lægst på statistikken: Sogn og Fjordane har vore dårlege på nyetableringar. No ser det ut til at dette også betrar seg. I 2017 hadde vi 3,7 nyetableringar per 1000 innbyggarar, og dermed har vi seks fylke bak oss på statistikken. Nivået er det høgaste nokon gong.

– Det er naturleg at vårt fylke ikkje ligg veldig høgt på nyetableringar, det har med næringsstrukturen å gjere, uttalar fylkesdirektør Jan Heggheim, og held fram:

– Det er likevel veldig kjekt at vi no ser ut til å få resultat av godt arbeid i kommunane, frå Innovasjon Norge, og frå alle som er involverte i arbeidet med nyetablerarar.

Satsar på nyskaping

Nyskaping er eit satsingsområde i Verdiskapingsplanen som vart vedteken i 2013. Fylkeskommunen har saman med Innovasjon Norge drive systematisk opplærings- og nettverksarbeid mot tilsette i kommunane og i næringsselskapa. Arbeidet har vore leia av assisterande fylkesdirektør Endre Høgalmen. Dette er ikkje forklaring åleine, men har truleg medverka til den auken vi ser.

– Det handlar om å få folk til å tru på ideen sin, og at dei kan nå målet om eiga bedrift, sluttar Heggheim.

Statistikk nyetableringar per fylke

Sjå meir statistikk på Fylkesspegelen

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven