yz 7czdj 5vv

Foto: Thor-Aage Lillestøl

Følling ny nestleiar i KLP

Fylkesordførar Jenny Følling er vald som ny nestleiar i konsernstyret i KLP, Noregs største pensjonsselskap.

Følling vart vald som nestleiar under generalforsamlinga i KLP måndag 7. mai. KLP forvaltar rundt 650 milliardar kroner i pensjonspengar på vegner av kommunane, fylkeskommunane og helseføretaka.

– Det er eit veldig spennande verv, og ei ære å få sitja i styret. Eg er audmjuk for det store ansvaret som ligg der. I dag er KLP eit veldrive selskap, og det vil vera avgjerande å sikra det for framtida, seier Jenny Følling.

Følling er vald inn for ein periode på to år som representant for det politiske nivået i kommune-Noreg. Egil Johansen, rådmann/prosjektleiar i nye Tønsberg kommune er vald som ny styreleiar etter Liv Kari Eskeland.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven