Foto av det gamle storehuset på Flatheim i Gaular. Vi ser huset med torvtak bak nokre lilla revebjøller, som står fremst i biletet.

Foto: Heidi Vallestad

Fredingsmarkering i Gaular laurdag 9. juni

9. juni kl 15 vert fredinga av Storehuset på Flatheim markert med ope hus, omvising, enkel servering og helsingar. Alle er velkomne til markeringa.

Storehuset frå 1572–73, som vart flytta frå Indre Eldal til Flatheim i 2013, vart freda for ei tid tilbake. Eigarane vil markere fredinga med ope hus, omvisning og enkel servering.

Representantar frå Sogn og Fjordane fylkeskommune, Riksantikvaren og Gaular kommune vil delta på markeringa, som vert open for alle.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven