Bilete av politikarane i fylkestinget som røystar under møte i Førde.

Foto: Runar B. Mæland/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fylkeskommunen løyvar 16 millionar til idrettsanlegg

Fylkestinget vedtok tysdag å gi støtte til fire idrettsanlegg, klimatilpassingssenter i Sogndal og Sitep i Årdal. 

Under tingsetet i Førde 13. juni vedtok fylkestinget eit justert budsjett for 2018 etter første tertialrapport. Politikarane vedtok å løyve til saman 16 millionar kroner i investeringsstøtte til følgjande idrettsanlegg, i tråd med søknader til fylkeskommunen:

  • Flora kommune – Storhall Vest i Flora: 10 millionar kroner
  • Fjaler kommune – skytebane i Fjalerhallen: 1,5 millionar kroner
  • Stryn Turn og Idrettslag – ulike hallanlegg i Arena Stryn: 4 millionar kroner
  • Sogndal Fotball – tre klatreanlegg i Sognehallen: 0,5 millionar kroner

Politikarane vedtok også å løyve 1,2 millionar kroner til oppstart av nasjonalt klimatilpassingssenter knytt til Vestlandsforsking, og inntil 5 millionar kroner til Senter for innovasjon, teknologi og prosess (Sitep) i Årdal.

Saksdokumenta til fylkestinget finn du her.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven