Noralv Distad i fylkestrafikktryggingsutvalet saman med to kvinnelege lærarar frå Årdal. Distad og ein av lærarane har på seg store «promillebriller».

Noralv Distad saman med lærarane Anette Svori Farnes (i midten) og Marianne Haug Moen Farnes frå Øvre Årdal skule. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fylkespolitikar kom med promillebriller til trafikklærarane

Onsdag 5. september deltok Noralv Distad, leiar i fylkestrafikktryggingsutvalet (FTU), på Trygg trafikk si nettverkssamling for ungdomsskulelærarar som underviser i trafikkvalfag. Der delte han ut «promillebriller» til bruk i undervisninga.

På samlinga orientere Distad om trafikktryggingsutvalet sitt arbeid, der han framheva kor viktig det er med opplæring og haldningsskapande arbeid. Arbeidet som vert gjort på skulane er avgjerande, understreka han.

I tillegg delte han ut «promillebriller» til bruk i undervisninga. Brillene gjev elevane ei realistisk førestilling av korleis køyring i ruspåverka tilstand reduserer evna til å oppfatte ting og til å bevege seg trygt i høve seg sjølv og andre.

I 2018 har FTU løyvd om lag 50 000 kroner til innkjøp av virtuelle hjelpemiddel i sjåføropplæringa. Det er kjøpt inn 20 sett med promillebriller til bruk i undervisninga i trafikkfag i ungdomsskulen.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven