totalbilde av gulatinget også kalla tusenårsstaden, publikum sit foran steinrekka og artistar på ei scene foran denne. sommar og sol.

Tusenårsstaden på Gulatinget. Foto: Sigrun Espe/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fylkestinga møtest på historisk grunn

Fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane skal ha felles fylkestingsmøte i Gulen 27. oktober 2017. Der skal dei drøfte vegen vidare i prosessen med å bli eitt fylke frå 2020. 

Saksliste for det felles fylkestingsmøtet.

Sjølve møtet vert på Dalsøyra barne- og ungdomsskule, der fylkestinga først møtest til felles debatt. Deretter går dei kvar til sitt og gjer separate vedtak i saker som er drøfta. Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) som kallar inn til møtet, som blir opna av statssekretær Anne Karin Olli.  

Hordaland og Sogn og Fjordane har felles historisk grunn i Gulen. Begge har ei forankring til Gulatinget, som starta som allting og tingstad for Hordaland og Sogn og Fjordane på 900-talet – kanskje endå tidlegare.

Skal diskutere namn m.m.

Stortinget vedtok samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane i juni i år. Det felles fylkestingsmøtet er nedfelt i inndelingslova § 25, som seier at det skal gjennomførast eit slikt fylkestingsmøte så snart som mogleg etter vedtak om samanslåing.

Saker på møtet er

  • namn på det nye fylket
  • tal medlemer i det nye fylkestinget
  • kriterium for samansetjing av, og funksjonar til, fellesnemnda
  • val av revisor for verksemda i fellesnemnda
  • oppretting av ev. andre fellesorgan for å sikre gjennomføring av samanslåing

Markering på Gulatinget

Når møtet er avslutta, vert det lunsj på Gulating Hotel i Eivindvik, før turen går til Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Tingveggen her – med 22 steinar reiste på høgkant – er eit symbol på ein historisk møteplass. Her vert det kulturinnslag og ei markering av Stortinget si samanslåinga av dei to fylka.

Tidlegare fylkesordførarar, fylkesrådmenn, samt dagens og tidlegare fylkesmenn vert inviterte til det felles fylkestinget, som markerer starten på det vidare arbeidet med samanslåinga.

Gulatinget er viktig for mange delar av historia for både Vestlandet og heile landet. Gulatingslovene er den eldste kjende og bevarte lovsamlinga i dei nordiske landa, og er utgangspunktet for lovene vi har i dag. Gulatinget var også opphavet til det første organiserte forsvaret av riket, den sjømilitære leidangen. I tillegg er sjølvsagt Gulatinget viktig for kulturhistoria vår. Du kan lese meir om Gulatinget her.

Program for felles fylkestingsmøte i Gulen 27. oktober 2017:

Dalsøyra barne - og ungdomsskule

 

Kl. 10.00–11.15                 Frammøte m/ servering

Kl. 11.15–11.30                                 Opning av felles fylkesting v/ statssekretær Kristin Holm Jensen, Kommunal -og moderniseringsdepartementet

Kl. 11.30–11.45                Frå Gulating til regionreform, ved professor Jørn Øyrehagen Sunde, Universitetet i Bergen

Kl. 11.45–13.00                 Felles fylkesting – debatt jf. inndelingslova § 25

a) Namn på det nye fylket.

b) Tal medlemer i det nye fylkestinget.

c) Kriterium for samansetjing av, og funksjonar til, fellesnemnda etter inndelingslova.

d) Val av revisor for verksemda i fellesnemnda.

e) Oppretting av eventuelle andre fellesorgan for å sikre gjennomføringa av samanslåinga.

Kl. 13.15–14.00                 Separate fylkesting, vedtak i saker som er drøfta under felles fylkesting.

 

Gulating Hotel, Eivindvik

 

Kl. 14.30–15.30                 Lunsj.

 

Tusenårsstaden/Gulatinget

 

Kl. 15.45–17.15                 Samanslåing av Sogn og Fjordane og Hordaland

– Kulturinnslag og historisk/symbolsk markering

– Pressetreff

 

For meir informasjon

Jenny Følling
fylkesordførar
Sogn og Fjordane fylkeskommune
tlf.: 479 05 990

Pål Kårbø
fungerande fylkesordførar
Hordaland fylkeskommune
tlf.: 934 29 063

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Kontaktinfo

Jenny Følling
Fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no 
479 05 990

Åshild Kjelsnes
Fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
Rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713