Jenny Følling, Tore Eriksen og Svein Hågård sit ved møteleiarbordet under opninga av fylkestinget i Firdasalen på Fylkeshuset i Leikanger. Politikarar sit i salen ved mot møteleiarbordet.

Foto: Runar B. Mæland/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fylkestinget vil overføre SFE-aksjar til kommunane

Fylkestinget vedtok tysdag ein intensjon om å overføre inntil 80 prosent av aksjane som fylkeskommunen eig i Sogn og Fjordane Energi AS (SFE) til kommunane i Sogn og Fjordane.

– Dette er eit viktig retningsval fylkestinget har tatt om korleis ein vil gå fram for å sikre at kraftverdiane som er skapt i fylket kan bli verande i Sogn og Fjordane i framtida, seier fylkesordførar Jenny Følling etter møtet.

Føreset rettskraftig dom

Vedtaket er eit prinsippvedtak om korleis fylkeskommunen ønskjer å forvalte eigarskapen i SFE, etter å ha fått greidd ut ulike alternativ. Fylkestinget vil gjere endeleg vedtak om overføring av aksjane i 2019.

Vedtaket føreset ei rettskraftig avgjerd om at overføringa ikkje utløyser forkjøpsrett for den nest største eigaren i SFE, BKK. Dette er tema i ei rettssak mellom fylkeskommunen og BKK som skal opp i Gulating lagmannsrett.

Før tingsetet gav advokatfirmaet Lund & Co, som har bistått fylkesrådmannen i saka, ei orientering om dei juridiske problemstillingane og alternativa som har vore utgreidd. Presentasjonen kan du sjå i opptak her.

Vedtaket var i tråd med tilrådinga frå fylkesrådmannen og fylkesutvalet, og gjekk gjennom mot to røyster.

Her kan du lese heile vedtaket:

1. Sogn og Fjordane fylkeskommune har til hensikt å overføre inntil 80 prosent av fylkeskommunen sine aksjar i Sogn og Fjordane Holding AS til kommunane i Sogn og Fjordane, innanfor rammene av søksmålet mot BKK og innanfor rammene av ein rettskraftig dom i saka.

Overføringa føreset at

  • det vert rettskraftig avgjort av overføringa ikkje utløyser forkjøpsrett til Sogn og Fjordane Holding AS sine aksjar i Sogn og Fjordane Energi AS 
  • kommunane får konsesjon frå Olje- og energidepartementet til å eige
  • aksjeoverføringa ikkje får negative konsesjonsrettslege konsekvensar for Sogn og Fjordane Energi AS eller selskapet sine dotterselskap.

2. Dersom føresetnadene i pkt. 1 vert oppfylte, vil fylkestinget 

  • gjere vedtak om overføring og samstundes fastsetje kor mange av fylkeskommunen sine aksjar i Sogn og Fjordane Holding AS som skal overførast til kommunane i Sogn og Fjordane 
  • fastsetje korleis aksjane skal fordelast på kommunane og 
  • fastsetje når og på kva vilkår overføringa skal skje.

3. Fylkestinget ber fylkesrådmannen, i samråd med Sogn og Fjordane Holding AS, utarbeide utkast til aksjonæravtale og nye vedtekter for Sogn og Fjordane Holding AS for endeleg godkjenning i fylkestinget samstundes med at fylkestinget gjer vedtak om overføring av aksjar i Sogn og Fjordane Holding AS til kommunane.

4. Fylkesutvalet får fullmakt til å syte for at generalforsamlinga i Sogn og Fjordane Holding AS gjer vedtak om endringar i selskapet sine vedtekter for å førebu overføringa av aksjar til kommunane innanfor rammene av søksmålet mot BKK, mellom anna ved å opprette to aksjeklassar i selskapet.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven