Politikarane røystar under eit møte i fylkestinget i Firdasalen. Fleire av politikarane held handa i vêret medan fylkesrådmannen og juridisk sjef står og tel røystene.

Foto: Runar B. Mæland/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fylkestinget vil realisere Atløysambandet

Onsdag vedtok fylkestinget den siste økonomiplanen for Sogn og Fjordane fylkeskommune før samanslåinga med Hordaland. Atløysambandet i Askvoll kommune er blant prosjekta politikarane valde å prioriterte.

Budsjett 2019/økonomiplan 2019–2022 gjev ei samla oversikt over kva Sogn og Fjordane fylkeskommune skal bruke pengar på neste år og kva investeringar som er planlagde dei komande åra. Saksdokument og protokoll frå møtet finn du her.

Satsar på samferdsle

Atløysambandet vil gje eit ferjefritt samband mellom Askvoll og Atløy, den største øya i Askvoll kommune med om lag 500 innbyggjarar. Politikarane vedtok å ta inn Atløysambandet i økonomiplanen med ei ramme på 50 mill. kr. i 2021 og 300 mill. kr. i 2022.

Fylkestinget stadfesta også at det skal byggjast bru over Ytre Steinsund på fv. 606, som vil gje eit ferjefritt samband mellom Sula og Ytre Sula i Solund kommune. Prosjektet har ei total ramme på 790 mill. kr. Arbeid med prosjektering startar i 2019, med mål om byggjestart i 2020.

Andre store samferdsleprosjekt og utbetringar som ligg inne i økonomiplanen er mellom anna:

  • Fv. 614 Svelgen–Indrehus (Kystvegen)
  • Førdepakken (fylkesvegprosjekt)
  • Seimsdalstunnelen (Årdal)
  • Blaksettunnelen (Stryn)

Opplæring og kultur

Innan opplæring sette dei folkevalde av 515 mill. kr. i økonomiplanen til å investere i ny Førde vidaregåande skule, som skal samle dagens Hafstad og Mo og Øyrane vidaregåande skular. Fylkestinget vedtok òg å investere i nytt opplæringsfartøy ved Måløy vgs til 125 mill. kr.

Innan kulturfeltet sette politikarane mellom anna av pengar til fellesmagasin for musea i Sogn og Fjordane og drift og utvikling av tusenårsstaden Gulatinget. Fylkestinget slutta seg også til at Sogn og Fjordane teater deltek i planlegginga av eit nytt «Nynorskhus» i Førde med sikte på å bli leigetakar i det nye huset.

Forsking og utvikling

Fylkestinget vedtok å løyve 15 mill. kr til Måløy marine ressurssenter, som vil skape eit marint forskingsmiljø i Måløy i samarbeid med mellom andre Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU). Vedtaket føreset at løyvinga er innanfor regelverket for statstøtte og at prosjektet vert fullfinansiert med deltaking frå næringslivet.

Det vart også vedteke å løyve ytterlegare 2,5 mill. kr til Senter for innovasjon, teknologi og prosess (Sitep) i Årdal. Sitep planlegg ein ny øvingsfabrikk med topp moderne utstyr som skal gi industrien høve til å utvikle og teste automatiserte produksjonsprosessar.

Sjå møtedokument og protokoll frå møtet i fylkestinget 4. og 5. desember 2018

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven