Dame med vernebriller

Pressebilete Elkem ASA

Gir 27 millionar til forsking på Vestlandet

Regionalt forskingsfond Vestlandet gir 26,7 millionar kroner til ny forsking i landsdelen. Elkem ASA Bremanger er blant bedriftene som får støtte i ein tildelingsrunde der det elles kom få søknader frå Sogn og Fjordane.

Styret i Regionalt forskingsfond Vestlandet (RFF Vestlandet) har vedtatt å gi 26,7 millionar kroner til ny forsking i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Åtte større forskingsprosjekt i næringsliv og kommunal sektor får totalt 23 millionar. I tillegg vert det løyvd 3,7 millionar til vidareutvikling av ni prosjekt som er i startfasen.

- Fondet ønskjer å mobilisere flest mogleg bedrifter og kommunar til å ta i bruk forsking som middel til nyskaping og utvikling. Tal frå Noregs forskingsråd viser at vi tidlegare har lukkast godt med å rekruttere bedrifter med lita eller inga, og det er gledeleg å sjå at midlane våre også i år bidrar til at fleire nye bedrifter kan gje seg i kast med forskingsstøtta innovasjon, seier Jenny Følling, fylkesordførar i Sogn og Fjordane og styreleiar for RFF Vestlandet.

Kvalifiseringsstøtte til Elkem ASA Bremanger
Ni søkjarar frå næringsliv og offentleg sektor får til saman 3,7 millionar kroner i kvalifiseringsstøtte frå RFF Vestlandet. Elkem ASA Bremanger får 500 000 til utvikling av eit forskingsprosjekt der målsettinga er å redusere støv- og partikkelutslepp frå vasskjølte støypeprosessar på fabrikkane i Bremanger og Bjølvefossen. I prosjektet skal ein både prøve å kartleggje årsakene til utsleppa og lage eit konsept for effektive mottiltak og system for resirkulering av kjølevatn og partiklar.

- Elkem er ein av verdas største produsentar av ferrosilisiumlegeringar og har fleire fabrikkar globalt som brukar same støypeteknologi. Det betyr at om ein finn gode løysingar for å redusere utsleppa lokalt, kan det på sikt gi ein positiv miljøeffekt for heile industrien, seier Følling.

I kvalifiseringsprosjektet vil Elkem ASA Bremanger samarbeide med Teknova AS, Elkem ASA avd. Bjølvefossen, Elkem ASA Technology Kristiansand og Industritjenester AS.

Avlar vidare forsking
Målsettinga med kvalifiseringsstøtte er å gje flest mogleg bedrifter og kommunar moglegheit til å utvikle gode forskings- og utviklingsprosjekt som kan kvalifisere til vidare støtte, enten frå RFF Vestlandet eller frå andre ordningar.

- Ei undersøking vi gjennomførte i 2017, viste at kvalifiseringsstøtta fungerer etter hensikta. 60 % av dei som gjennomførte eit kvalifiseringsprosjekt med støtte frå RFF Vestlandet, søkte seinare om midlar til større forskingsprosjekt. Av desse fekk 75 % innvilga søknadene sine og vart tildelt mellom ein og åtte millionar i nye forskingsmidlar, seier Følling.

Få søknader frå Sogn og Fjordane
Samanlikna med tidlegare utlysingar, fekk fondet denne gongen få søknader frå Sogn og Fjordane og Rogaland. Ingen søkjarar frå Sogn og Fjordane nådde heilt opp i konkurransen om hovudprosjektmidlar denne gongen.

- Eg trur vel at dette både er uttrykk for tilfeldige svingingar og at det kan ha samanheng med at vi fekk rekordmange søknader i fjor. Eg håpar bedrifter og kommunar frå Sogn og Fjordane kjem sterkare attende i neste utlysingsrunde, for tal vi har henta inn frå dei som har fått støtte tidlegare, viser at dei har hatt stor nytte av midlane. Til dømes rapporterte 80 % at dei hadde ferdigstilt nye eller forbetra produkt som følgje av forskinga, 42 % at dei hadde ferdigstilt nye eller forbetra tenester og 42 % at dei hadde etablert nye forretningsområde i verksemda, seier Følling.

Nye utlysingar
RFF Vestlandet har laupande mottak av søknader om kvalifiseringsstøtte. Nye søknader mottekne innan 6. august 2018, vert behandla på styremøte i september. Neste utlysing av forskingsmidlar til regionale bedriftsprosjekt og regionale offentlege prosjekt i kommunal sektor, vil få søknadsfrist i februar 2019.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven