cxf 2juuc 8g

Har du innspel til kulturminnepolitikken?

Regjeringa har no starta arbeidet med ny stortingsmelding om kulturminnepolitikken. Denne meldinga skal danne grunnlag for ein diskusjon i Stortinget om kva som skal vere framtidas kulturminneforvaltning.

No vil Klima- og miljødepartementet gjerne ha dine innspel til arbeidet. Kva meiner du skal vere nasjonale mål på kulturminnefeltet? Korleis meiner du kulturminne, kulturmiljø og landskap kan forvaltast som viktige ressursar for samfunnet i dag? Og korleis kan ein legge til rette for at alle har mogelegheit til å engasjere seg?

Du kan gje skriftlege innspel

I dette arbeidet kan du sende inn skriftlege innspel. Fristen er sett til 1.februar 2019. Innspel skal sendast postmottak@kld.dep.no.

Meir informasjon om arbeidet med ny kulturminnemelding og korleis du sender skriftlege innspel finn du på regjeringa sine nettsider.

Du kan delta på regionale samlingar

Du kan også kome med synspunkt gjennom korte innlegg på ein av fire regionale samlingar. Desse vert arrangert på Lillehammer, i Førde, i Tromsø og i Oslo.

Les meir om innspelsmøta på regjeringa sine nettsider.

Samlinga i Førde vert arrangert på Scandic Sunnfjord Hotel 8. januar 2019 kl. 12-15.

Påmelding til kld.servicetorg@kld.dep.no innan 18. desember 2018.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven