Portrett av mobbeombod Aina Drage

Foto: Privat/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Ho er det nye mobbeombodet

Aina Drage frå Høyanger er tilsett som mobbeombod i Sogn og Fjordane frå 6. august.

18 personar søkte den nyoppretta stillinga som mobbeombod. Mobbeombodet skal bidra til at barn, elevar og foreldra får teke i vare sine rettigheiter til eit godt barnehage- og skulemiljø. Drage byrjar i stillinga måndag 6. august.

– Ein viktig del av jobben min til å byrje med vil vere å gjere meg kjend og tilgjengeleg blant born og foreldre som opplever utfordringar med barnehage- eller skulemiljøet. Eg trur det er viktig å ha nokon å snakke med som kan hjelpe med å sortere i kva ein kan gjere, og der trur eg at eg kan bidra, seier Drage.

Allsidig bakgrunn

Drage er fødd i Narvik, men har budd det meste av livet i Sogn og Fjordane etter å ha gått lærarutdanninga i Sogndal og jobba som lærar på ulike trinn i Høyanger i 19 år. Det siste året har ho vore rådgjevar ved Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og jobba med skulemiljøsaker.

– Eg har alltid vore oppteken av å skape gode relasjonar og gode læringsmiljø for born og unge. Eg er genuint interessert i det å la folk blomstre og vise seg frå si beste side, seier Drage.

Ny stilling

Regjeringa vedtok i fjor å oppretta ei ordning med fylkesvise mobbeombod frå hausten 2018. På tingsetet 17. april vedtok politikarane i fylkestinget å opprette stillinga som mobbeombod i Sogn og Fjordane. 

Mobbeombodet går inn i fylkesrådmannen sin stab og skal samarbeide tett med elev- og lærlingombodet i Sogn og Fjordane.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven