Luison og Cuba opptrer for skuleelevar på Spetakkel 2018 på Westcon i Florø

Foto: Den kulturelle skulesekken/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Laga SPETAKKEL for 3300 elevar

3300 Sunnfjord-elevar fekk oppleve litt av det store mangfaldet i Den kulturelle skulesekken på festivalen SPETAKKEL 2018 i slutten av april.

Festivalen gjekk føre seg over tre dagar, ein dag på Westcon i Florø og to dagar i Førdehuset. Varaordførar Jan Henrik Nygård opna festivalen første dagen, og direktør for Kulturtanken, Lin Marie Holvik, opna dag to av festivalen i Førde.

Arrangementet var eit samarbeid mellom Kulturtanken og Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Tilsette og alle elevane i 1. til 7. klasse i Flora, Førde, Naustdal, Gaular og Jølster fekk oppleve litt av det store mangfaldet vi finn i Den kulturelle skulesekken.

Ny og gammal musikk

Elevane fekk sjå tre ulike innslag i løpet av dagen, med ny og gamal musikk frå Kina, Cuba og Noreg.

Den fargerike og visuelle framsyninga «GISP!», med kinesisk musikk som spenner frå det imponerande og heftige til det vakre og rolege. Her fekk dei høyre soloar med trommer som er fleire tusen år gamle, fløytespel i duse harmoniar og halsbrekkande framføringar på tradisjonelle kinesiske strengeinstrument. I framsyninga møtte dei også sjongløren Liu Kun, som rett og slett er ein av verdas beste: han er den i verda som klarar å ha flest ringar i lufta på same tid! Her fekk også nokre utvalde lærarar prøve seg som sjonglørar.

Støykunstprosjektet «DESIBEL» av komponist Eirik Husabø frå Florø i idrettshallen i Førde under Spetakkel 2018. Ein stor hornhøgtalar på scenen framfor publikum.«Luison og Cuba» spelte opp med tradisjonell cubansk musikk, og då var det ikkje lett å sitte stille. Alle elevane var med på både salsadansing og ein cubansk versjon av «Alle fugler små de er». Nokre elevar og lærarar var også på scena og fekk svinge seg til heftige salsarytmar.

Elevane fekk også oppleve framføring av eit spesialbestilt verk for det mobile støykunstprosjektet «DESIBEL», laga av komponist Eirik Husabø frå Florø (sjå bilete til høgre). Den 10 meter lange høgtalaren på 2 tonn er verdas største mobile hornhøgtalar og gjorde inntrykk på elevane både på verftet i Florø og i idrettshallen i Førdehuset. Bjørn-Are Vollstad hadde laga eit eige spektakulært lysdesign for Desibel, som fekk elevane til å gispe under framsyningane i Førdehuset.

Samarbeid er nøkkelen

– Dette var ein ny måte å tilby delar av programmet i Den kulturelle skulesekken på. Vi var spente på korleis elevar og lærarar ville oppleve festivalen, men dei fantastiske tilbakemeldingane vi har fått tyder på at dette både var ein flott og spennande DKS-dag, seier Øyvind Sunde Høstaker, koordinator for Den kulturelle skulesekken Sogn og Fjordane.

Samarbeid var nøkkelen for å avvikle alle tre festivaldagane:

– Vi i DKS og Kulturtanken var heilt avhengige av støtte og hjelp frå andre – og eg nemner spesielt: Bjørn-Are Vollstad, ansvarleg for visuell utforming, Bruland Lyd og Lys, Steinar Audio og Firda Billag. Westcon Yards i Florø og Førdehuset stilte lokale til disposisjon», seier Høstaker.

– Skulane hadde også førebudd seg godt og bidrege til at avviklinga av alle tre dagane gjekk på skinner. Det er ikkje sjølvsagt når så mange elevar samlast på ein stad.

 

Sjå innslaget i NRK Vestlandsrevyen 25. april 2018: «Festival på skipsverft»

Les meir om «SPETAKKEL 2018»http://skulesekken.no/produksjon/1056554

Følg Den kulturelle skulesekken på Facebook

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven