sfjfk.custompublish.com

Foto av Quality Hotel Florø ein sommardag. Hotellet er eit gult trebygg og ligg på kaien. Det er blå himmel.

Årets oktobermøte i fylkestinget er lagt til Quality Hotel Florø. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Møte i fylkestinget 17. oktober

Det var møte i fylkestinget på Quality Hotel Florø 17. oktober. Du kan no sjå opptaket frå møtet.

Møtet i fylkestinget starta kl. 10.00 tysdag 17. oktober med at varaordførar i Flora, Jan Henrik Nygård, helsa tinget. Det stod så fleire ting på progammet før sakshandsaminga tok til.

Prisar, UPU og fylkessoga

Det var utdeling av trafikktryggingsprisen 2017 og Innovasjon Norge sin bedriftsutviklingspris for landbruket. Deretter hadde Ungdomspolitisk utval (UPU) eit innlegg og fortalde om arbeidet sitt, før det var overrekking og lansering av fylkessoga for Sogn og Fjordane.

Her deltok både redaktørane og alle forfattarane av verket. Dei gav eit innblikk i bakgrunnen for og arbeidet med prosjektet, samt presenterte glimt frå alle dei fire banda. Du kan lese meir om fylkessoga på nettstaden for prosjektet.

Saksliste

Møteprotokoll frå møtet i fylkestinget 17. oktober 2017.

Saksliste for møtet i fylkestinget 17. oktober 2017.

Nett-tv

Møtet i fylkestinget vart som vanleg sendt i nett-tv, og du kan sjå opptak frå møtet her.

Fylkesutvalet, fylkesutvalet som klagenemnd og finansutvalet

Det var møte i fylkesutvalet dagen før fylkestingsmøtet. Møta startar kl. 16.30 og er også på Quality Hotel Florø.

Møteprotokoll frå møtet i fylkesutvalet 16. oktober 2017.

Saksliste for møtet i fylkesutvalet 16. oktober 2017.

Klagenemnd

Møteprotokoll frå møtet i fylkesutvalet som klagenemnd 16. oktober 2017.

Saksliste for møtet i fylkesutvalet som klagenemnd 16. oktober 2017.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut