Ei rekkje personar står i ein hall og høyrer på ein mann som viser fram og fortel om maskinar i ei verksemd. Frå næringsreisa i Føre 2018.

Reidar Grønli, rektor på Fagskulen i Sogn og Fjordane, fortel om samarbeidet som fagskulen og høgskulen held på med, der dei skal samarbeide om å bruke lokalitetane til ein forskningslab i lokala til Hellenes. Foto: Karriere Sogn og Fjordane

Næringsreise 2018 i Førde 25. og 26. september

Den årlege næringsreisa til Karriere Sogn og Fjordane gjekk i år til Sunnfjord, etter næringsreiser i dei tre andre regionane i fylket dei siste åra.

Deltakarane på næringsreisene er rådgjevarar i både grunnskule og vidaregåande, arbeidslivskontaktar og Nav-tilsette. Målet er å gje dei eit grundig innblikk i kva moglegheiter som finst på både arbeids- og utdanningsfronten ulike stadar i fylket.

Fokus denne hausten var på utdanningsprogramma helse- og oppvekstfag og restaurant- og matfag på vidaregåande nivå. I tillegg fekk vi informasjon om tilboda Fagskulen i Sogn og Fjordane og Høgskulen på Vestlandet har i Førde.

Informasjon frå fleire utdanningsnivå

Vi møttest i auditoriet første dagen på Mo og Øyrane vidaregåande skule for informasjon frå opplæringskontora for hotell- og matfag og offentleg sektor, fagskulen og høgskulen.

Vidare fekk vi omvising og informasjon på skulen før turen gjekk over vegen til Concordbygget. Der var vi innom opplæringskontora som er samlokaliserte der, og fekk litt generell informasjon frå dei. Så fekk vi ei runde for å sjå på dei nye lokala til Fagskulen.

Dagen blei avslutta på Hellenes (tidlegare Ankerløkken) med informasjon om planane med forskningslaben som dei held på å etablere der. Dette er eit samarbeid mellom høgskulen med sine ingeniør og IT-fag, Fagskulen med sine fag og Hellenes med sin kompetanse og gode- og store lokaler. Vi fekk også informasjon om Reodorklubben, som er eit veldig populært tilbod for barn, ungdom og andre som har interesse for teknologi.

Institusjonskokk og ingeniørar

Dag to starta med ei grundig omvising på Nortura sitt anlegg på Reset. Her fekk vi eit godt innblikk i mange av fagretningane ei slik bedrift har, og at her treng dei lærlingar innan fleire fag.

Reisa som Karriere Sogn og Fjordane arrangerte gjekk vidare til kjøkkenet på sjukehuset der tema var organiseringa av og korleis ein institusjonskokk har ein arbeidsdag. Til slutt var det omvising og informasjon  om alle fagretningane og lokalitetane på høgskulen .

Det var ei innhaldsrik og kjekk reise i lag med rådgjevarar frå ungdomskulen, vidaregåande skule og Nav.

 

Presentasjonane frå næringsreisa finn du i menyen til høgre!

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven