Foto av fylkesordførar Jenny Følling som held tale i inngangspartiet på Sogndal vidaregåande skule.

Foto: Ingvild Ramstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Opning Sogndal vidaregåande skule - byggetrinn 2

Kjære elevar, lærarar, tilsette og alle frammøte. Hjarteleg velkomne til eit nytt skuleår her ved Sogndal vidaregåande skule.

Eg har i dag den store ære og glede å ynskje velkomne til den offisielle opninga av nybygget på Sogndal vidaregåande skulen. Som fylkesordførar er eg stolt over å kunne stå her i dag, i eit praktbygg av ein vidaregåande skule. Eit stort byggeprosjekt i to etappar, der vi opna første byggetrinn i 2011. I dag opnar vi det andre byggetrinnet, og prosjektet har totalt kosta 550 mill. kr.

Vi satsar på skulen. Vi har blant dei beste skuleresultata i landet og er best på gjennomføring. Visjonen vår her i Sogndal har vore å samle alle elevane på studiespesialiserande og yrkesfag på Campus Fosshaugane. Her kan alle ungdommane ta del i eit yrande, innovativt og kreativt samarbeid, eit konsept som har vekt merksemd langt utanfor fylkesgrensa. For samarbeidet på Campus med Sogndal fotball, Høgskulen på Vestlandet og kommunen gjev store moglegheiter og synergiar. Og ikkje minst får elevane eit førstklasses tilbod både innanfor friluftsliv, trening, hallaktivitetar og på fotballbana. Eit yrande studentliv i eit spanande sosialt miljø.

Når eg står her i dette flotte bygget i dag, så har fylkeskommunen tatt eit stort løft for å gje dykk dei beste rammer for den vidaregåande utdanninga dykkar. Og her er det mange som har bidrege, og mange som skal takkast. Entreprenørar, rådgjevarar og arkitektane har gjort ein imponerande jobb. Sogndal vidaregåande skule har vore aktivt med gjennom heile prosessen, og har komme med mange gode innspel. Og ikkje minst har bygg- og eigedomstenesta i fylkeskommunen hatt ei fast hand på rattet og utført ein solid og god jobb. Tusen takk til alle som har bidrege til at dette praktbygget no er fullført!

Denne skulen har lange og gode tradisjonar både for allmennfag og yrkesfag. Endeleg har vi fått til ei skikkeleg bru mellom ungdommane som har vald ulike retningar innanfor dei teoretiske og praktiske faga.

Det området vi står i her i no er hjartet i Sogndal vidaregåande skule. Ein slik møteplass er viktig fordi elevane/de kan møtast på tvers av klassar, studieretning, teori og fag.

Tidlegare har det vore langt større avstand mellom elevar som har valt ein yrkesfagleg retning og dei som går på allmennfagleg studie. For tidlegare gjekk elevane på forskjellige skular i ulike bygg, og då fanst det ingen naturleg møteplass.

Ein god arena for læring krev at vi klarer å skape eit godt sosialt skulemiljø, og trygge elevar. Eit godt miljø kjem ikkje av seg sjølv, det må vere ei bevisst satsing. Og her har vi alle eit ansvar, både vi politikarar, skuleleiinga, lærarane og de som elevar ved skulen. Eit inkluderande miljø der elevane har respekt for kvarandre og der det er rom for alle, rom for å vere seg sjølv og akseptert å vere annleis. Kor viktig det faktisk er, kan i verste fall avspeglast i dei grufulle terrorangrepa vi så alt for ofte ser no. Vi kan ikkje akseptera at ytterleggåande ekstremistiske krefter får fotfeste, og at hatgruppar får legitimitet.

Høflegheit, respekt og god folkeskikk er viktige verdiar som vi må halde høgt. Dersom nokon står utanfor flokken, skapar det rotlause, rastlause og frustrerte ungdommar. Trygge vaksne både på heimebane og på skulen, og gode rollemodellar og forbilde er viktig.

Her i Sogndal er det mange unge som bur på hybel, og det er nok fleire som kjenner på ein klump i magen og er nervøse for det nye livet som ventar. Ta godt vare på kvarandre, og hugs at eit smil kan bryte barrieren, og dessutan er det heilt gratis.

Skulen er eit viktig tema i valkampen, og mange er opptatt av at vi skal ha ein god skule for borna våre. Alle dei tusen som i dag starta på skulen, er framtida. De skal stå i arbeidslivet 40-50 år framover, og det seier mykje om kor viktig det er med god kvalitet i skulen de går på. Med gode fasilitetar i dette nye bygget har Sogndal vidaregåande skule ei ramme som innbyr til eit godt læringsmiljø.

Eg ynskjer alle lukke til med det nye skuleåret. Rammene rundt dykk er førsteklasses, no skal det fyllast med innhald og kunnskap.

Eg vil igjen takke alle som har vore med i byggeprosessen og gjort dette mogeleg. Med det erklærer eg byggetrinn to på Sogndal vidaregåande skule opna!