xum 8hea 4dp

Hafstadparken. Foto: Atle Skrede/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Rekordmykje spelemidlar til Sogn og Fjordane

Fredag førre veke kunngjorde Kulturdepartementet fordelinga av spelemidlar til idrettsføremål. Sogn og Fjordane får nesten 60 millionar kroner, ein auke på over 10 prosent frå i fjor.

Kulturdepartementet kunngjorde fredag førre veke at Sogn og Fjordane får 59 471 000 kroner i spelemidlar til idrettsføremål i 2018. Det er meir enn nokon gong før.

– Det er som forventa utifrå ei stor auke i søknadssummen frå 2017. Auken i tilskot frå i fjor er på 6 millionar, og baserer seg på mange gode søknader frå både kommunar og lag og organisasjonar, seier Atle Skrede, rådgjevar for fysisk aktivitet i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Spelemidla kjem frå overskottet til Norsk tipping, og går til idretts-, friluftslivs- og nærmiljøanlegg. Tildelinga av midla skjer i hovudutval for næring og kultur 30.mai.

Utviklinga av spelemidlar til fylket

2011

22 797 000

2012

24 740 000

2013

30 178 000

2014

29 091 000

2015

37 100 000

2016

45 823 000

2017

53 266 000

2018

59 471 000

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven