sj 3vb 48yza

Nasjonalt fylkesnettverk for hydrogen. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Støtte til hydrogensatsing på Vestlandet

Fylkesnettverk for hydrogen, kompetanseprosjekt for nullutsleppsteknologi på hurtigbåt og trygg infrastruktur for hydrogen i hamner er blant tiltaka som har fått støtte frå Miljødirektoratet gjennom Klimasats-ordninga.

Miljødirektoratet delte sist veke ut tilskott til klimatiltak i kommunar og fylkeskommunar gjennom ordninga Klimasats. Sogn og Fjordane fylkeskommune har fått støtte til følgjande tiltak:

  • Vidareføring av nasjonalt fylkesnettverk for hydrogen. Sogn og Fjordane fylkeskommune var inititiativtakar i 2017, og leiar no nettverket av 10 fylkeskommunar og 3 storbyar (175 000 kroner).
  • Kompetanseprosjekt knytt til innkjøpsprosessen for hurtigbåt, med fokus på infrastrukturbehovet ved innfasing av nullutsleppsteknologiar. Vi har med oss Trøndelag og Hordaland (500 000 kroner).
  • Sogn og Fjordane deltek òg i eit prosjekt der Hordaland FK står som søkar saman med Bergen kommune, Flora kommune og hamnene i dei to byane, om infrastruktur og tryggleik for hydrogen i hamn (300 000 kroner).

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven