Sommar, to born sit i ei sykkelvogn som er parkert attmed to attvinningsstasjonar for attvinning av glas. Den eine reiser seg og puttar glasflaske opp i den store beholdaren.

Attvinning og miljøvenleg transport. foto: Eric Sadorge/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Tilskot til klima og miljøtiltak – frist 15. august

Korleis kan Sogn og Fjordane bli eit føregangsfylke i det grøne skiftet? Både store og små prosjekt er viktige. Søk om midlar innan 15. august.

Fylkestinget ønsker å fremje arbeidet med klimaomstilling i fylket vårt, og vedtok «Regional plan for klimaomstilling» 13. juni i år.

Forpliktande plan

Planen peikar ut ein forpliktande klimapolitikk som konkretiserer korleis Sogn og Fjordane kan bli eit føregangsfylke i det grøne skiftet, på vegen mot eit nullutsleppssamfunn.
For å nå måla i denne planen, og i Paris-avtalen, er det naudsynt med auka innsats og klimaomstilling. Både store og små prosjekt er viktige i gjennomføringa av det grøne skiftet. Alle monner dra, også i klimaarbeidet.

To millionar tilskotskroner

Tilskotsordninga for klima- og miljøtiltak blei styrka i samband med vedtaket, no er det omlag 2 millionar kroner i tilskotsmidlar for 2018. Midlar blir løyvde til prosjekt, tiltak og arbeid som byggjer opp under Regional plan for klimaomstilling med tilhøyrande plandel og handlingprogram. Det vert ikkje sett tematiske avgrensingar til søkeordninga i håp om å kunne fange opp eit breitt spekter av søkarar. Dersom ditt prosjekt eller tiltak kan bidra til at fylket når måla sine knytt til regional plan, har du no høve til å søke om midlar frå fylkeskommunen. Tilskotsordninga skal fremje initiativ til handling for klimaomstilling og berekraftig utvikling av fylket. Konkrete, handlingsretta tiltak, haldningsskapande arbeid og klimatiltak i kommunar vert prioritert.

Korleis søkje?

Du søker elektronisk:
Søk tilskot til klima og miljøtiltak

Søknadsfrist er 15. august, med ein ny runde og søknadsfrist 15. oktober.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven