Samfunnsodontologisk forum på Hotel Alexandra. Tre bilete: Vilde og Anna på scenen, Karen Marie Hjelmeseter på talarstolen og utsyn over salen.

Frå venstre: Vilde og Anna på scenen, Karen Marie Hjelmeseter på talarstolen og utsyn over salen. Foto: Elisabet Skrede

Vellukka tannhelseforum i Loen

Olav Stedje og Vilde og Anna kasta glans over Samfunnsodontologisk forum, der 215 deltakarar frå heile landet møttest og drøfta tannhelsetenesta i eit samfunnsperspektiv.

Tysdag 5. juni opna Samfunnsodontologisk forum på Hotel Alexandra i Loen. Etter det musikalske innslaget ved Vilde og Anna helsa Karen Marie Hjelmeseter, utvalsleiar i hovudutval for næring og kultur, frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

– I år er det 215 deltakarar frå heile landet samla her for å drøfte tannhelsetenesta i eit samfunnsperspektiv. Eg ser for meg at dette forumet er eit flott høve til å aktualisere fag, dagsaktuelle tema og gjerne samanhengen mellom dei, sa Hjelmeseter.

Samfunnsodontologisk forum er eit årvisst nasjonalt arrangement som tek opp samspelet mellom samfunn og tannhelse. Forumet går på rundgang mellom fylka, og det er 20 år sidan sist gong det vart arrangert i Sogn og Fjordane.

FolkehelseOlav Stedje, Knut Henning Grepstad, Mai Jorunn Samuelsen og Signe Haugsbø Jensen i munter passiar på restauranten på Hoven.

Den negative kariesutviklinga i befolkninga og utfordringane med norsk eldretannpleie er to av dei aktuelle temaa som stod på dagsordenen tysdag og onsdag.

– Folkehelse er eit ord eg er heilt sikker på at vi vil høyre meir i åra som kjem; det handlar jo om befolkninga sin helsetilstand, kva faktorar som påverkar helse og korleis den fordelar seg hjå innbyggarane. Når eg ser på kva Samfunnsodontologisk forum er (for meg som er utanforståande), skjønner eg at tannhelsetenesta ligg eit lite hestehovud føre, som allereie i fleire tiår har hatt dette forumet der de drøftar samfunnsperspektivet i tannhelsetenesta, sa Hjelmeseter, og heldt fram:

– Eg er glad for at de som er tannhelseekspertar samlast årleg for å ta tak i aktuelle utfordringar. Eit slikt årleg fagseminar er eit viktig møteplass – det er når folk møtes at ein finn dei gode løysingane.

Aktuelt program

I løpet av dagane 5. og 6. juni tok forumet opp varierte og aktuelle tema i skjeringspunktet mellom tannhelse og samfunn. Line Miriam Sandberg, statssekretær i Helse og omsorgsdepartementet, informerte om regjeringas syn på framtidas eldreomsorg.

Frå Sogn og Fjordane hadde Hans Johan Breidablikk føredrag om opplevd helse og forsking i Sogn og Fjordane frå 1995. Han har doktorgrad på temaet, og er spesialist i samfunnsmedisin. Han peika på vesentlege utfordringar i framtida knytt til temaet. Diskusjonen gjekk livleg utover ettermiddagen og kvelden.

Før deltakarane reiste kvart til sitt vart det også tid til ein topptur med Loen Skylift og lunsj på Hoven med underhaldning ved Olav Stedje.

Biletet: Munter passiar på Hoven Restaurant. Frå venstre Knut Henning Grepstad, konferansier, Mai Jorunn Samuelsen og Signe Haugsbø Jensen, Dale tannklinikk, og Olav Stedje, artist. Foto: Clara Øberg

Presentasjonar frå Samfunnsodontologisk forum 2018 (pdf):

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven