Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
Illustrasjonsfoto: Norled
472 000 til prosjekt om hydrogen i hurtigbåttrafikk
Sogn og Fjordane fylkeskommune har fått 472 000 til eit prosjekt om lågutsleppsløysingar i offentleg hurtigbåttrafikk.
Pengane kjem frå Regionalt forskingsfond Vestlandet, og målet er å lage ein modell for korleis offentlege anbod kan sikre god innføring av slike løysingar. Lågutsleppsløyingar generelt og hydrogenløysingar spesielt er tema.
Prosjektet vil sjå særleg på moglegheitene for å kutte klimagassutslepp og lokale utslepp ved å ta i bruk hydrogen som drivstoff. Ein skal mellom anna finne ut kva hurtigbåtruter i Sogn og Fjordane og Nordland som er eigna for bruk av hydrogen og brenselsceller og utvikle forslag til miljøkriterium for offentlege anbod innan hurtigbåttrafikk.
Vestlandsforsking skal utføre prosjektet på vegne av fylkeskommunen, og planlagt oppstart er i august. Maritim Forening Sogn og Fjordane er med som regional partnar i prosjektgruppa.
For meir informasjon
Elisabet Kjerstad Bøe
prosjektleiar, Hydrogen Region Sogn og Fjordane
Sogn og Fjordane fylkeskommune
915 91 548
elisabet.kjerstad.boe@sfj.no
Hans Jakob Walnum
forskar, Vestlandsforsking
958 99 032
hjw@vestforsk.no
Fylkesdirektør

Jan Heggheim
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623