vgbt 83jzsf
vgbt 83jzsf

Foto: Inge Håvard Aarskog/Aurland kommune

Velkommen til konferanse for reiselivet i Sogn og Fjordane 2018

Konferansen er staden å vere for reiselivsverksemder og andre med interesser i reiselivet, som er interessert i ei berekraftig utvikling av reiselivet. Årets konferanse for reiselivet i Sogn og Fjordane er i Førde 13. november.

Kvifor set vi dette på dagsorden?

Hovudtema for konferansen er framtidas reiseliv. Kvifor set vi dette på dagsorden?

Reiselivet er påverka av ulike krefter som har innverknad på korleis vi må tilpasse oss framtida. Vi står ovanfor nye utfordringar som klimaendringar, stadig utvikling av teknologi, delingsøkonomi, endring i kunden sine preferansar og at opplevinga til dei tilreisande vert forringa av for mange besøkande på same stad til somme tider.

På toppen av dette skjer det ei omorgansiering av kommunar, fylke og viktige reiselivsorganisasjonar. Korleis påverkar dette reiselivsnæringa? Kva utfordringar og løysingar ligg framfor oss i tida som kjem?

Konferansen er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og Innovasjon Norge.

Vi har eit variert program med spennande inlegg og ein debatt som skal forsøke å svare på dette frå ulike synsvinklar.

Du kan melde deg på konferansen og sjå heile programmet her.

Konferansen har også ei eiga Facebook-side.

For meir informasjon

Anne Silje Sylvarnes
førstekonsulent, Sogn og Fjordane fylkeskommune
anne.silje.sylvarnes@sfj.no
57 63 81 64

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut