Foto av typisk vakker vestlandsnatur med fjord og fjell.
Foto av typisk vakker vestlandsnatur med fjord og fjell.

Foto: Morten Wanvik

Vestland søkjer fylkesdirektørar

No vert stillingane som fylkesdirektørar i Vestland fylkeskommune lyste ut. Det er seks stillingar, og arbeidsstadar er Leikanger, Førde og Bergen.

– Dette er nøkkelstillingar i den nye fylkeskommunen, og dei som vert tilsett vil vere ein del av toppleiargruppa som skal vere med på å bygge Vestland fylkeskommune. Dette er ein særs viktig milepæl for den nye fylkeskommunen, og eg er viss på at dette er nokre av dei mest spanande jobbane på Vestlandet på lang tid, seier Rune Haugsdal, som er prosjektleiar for nye Vestland fylkeskommune.

Det er desse stillingane som no vert lyste ut:

  • Fylkesdirektør for infrastruktur og veg, lokalisert til Sogn og Fjordane (Leikanger)
  • Fylkesdirektør for mobilitet og kollektivtransport, lokalisert til Hordaland (Bergen)
  • Fylkesdirektør for kultur, idrett og inkludering, lokalisert til Sogn og Fjordane (Førde)
  • Fylkesdirektør for opplæring og kompetanse, lokalisert til Hordaland (Bergen)
  • Fylkesdirektør for strategisk utvikling og digitalisering, lokalisert til Sogn og Fjordane (Leikanger)
  • Fylkesdirektør for økonomi og organisasjon, lokalisert til Hordaland (Bergen)

Les meir om stillingane på rekrutteringsfirmaet Experis sin nettstad.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut