Lena Søderholm og Åshild Kjelsnes, avbilda i ein fiskehall
Lena Søderholm og Åshild Kjelsnes, avbilda i ein fiskehall

Foto: Åshild Kjelsnes

Fylkesvaraordførar på fiskeauksjon i Skottland

Denne morgonen vart det seld 8 000 kassar (a 40 kg) fisk på auksjon. Fylkeskommunen var representert ved fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes og marin fagkoordinator Lena Søderholm.

Den 2. og 3. oktober var det arrangert eit fellesmøte mellom Marin ressursgruppe og Klima og Energigruppa i Nordsjøkommisjonen. Det var eit tett fagleg program, og dag 2 stilte vår morgonsfriske fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes, som også er vice-chair i Marin Ressursgruppe, på synfaring på den nyopna fiskeauksjonen i Peterhead, Skottland.

Under møtet var det fleire presentasjonar, blant anna presentasjonar frå Aberdeenshire Planning Team og Marine Scotland om marin planlegging i Skottland, verdas første flytande vindturbin (Equinor sitt Haywind-prosjekt) og utviklingsprosjektet NorthConnect som er tenkt å overføre høgspent elektrisitet frå fornybar energi mellom Peterhead i Skottland (vindenergi) og Hardanger (vassenergi). Marin søppel var også eit viktig tema som blei diskutert.

I dei tekniske faggruppene i Nordsjøkommisjonen møter både politikarar og fagfolk frå administrasjonane frå fylka/regionane som omkransar Nordsjøen. Sogn og Fjordane fylkeskommune har så langt vore mest engasjert i Marin Ressursgruppe. 

– Det er både lærerikt og nyttig å møte våre kollegaer frå andre regionar kring Nordsjøen. Mange av problemstillingane eig vi i fellesskap, og kan betre løysast gjennom auka informasjon og samhandling på tvers av regionale og nasjonale grenser, seier Kjelsnes.

Vil du vite meir om arbeidet i Nordsjøkommisjonen kan du gå inn på heimesida deira her.

Eller ta kontakt med marin fagkoordinator ved fylkeskommunen:

Lena M. Søderholm
fagkoordinator
lena.soderholm@sfj.no
970 35 449

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut