Fagdag om klima og tilbod i Den kulturelle skulesekken 2019-2020

Fylkesdirektør for næring og kultur, i samråd med fylkesdirektør for opplæring, inviterer til fagdag knytt til klima og tilbod i Den kulturelle skulesekken 2019-2020.

Våren 2020 vil alle elevane i vgs. sjå framsyninga MELTING. MELTING er ei politisk analyse, med føredrag, konsert og teater. Ein stor roterande installasjon fyller scena og gir assosiasjonar til verdsrommet. Det handlar både om det store systemet og det vesle mennesket. – Kva skjer når isen smeltar? Når økonomien smeltar? – Kva skjer når samfunnet, velferdsstaten, fellesskapet, offentleg kunstfinansiering og framtidsutsiktene våre smelter?
På fagdagen vil vi setje denne framsyninga i samband med læreplanfornyinga sitt fagovergripande emne, bærekraftig utvikling. Korleis kan skulane arbeide med dette emnet opp mot skulesekken si framsyning MELTING?

Skulane vert oppmoda til å ha med to elevar i tillegg til lærarar. Fylkesdirektøren for opplæring held dette fram som viktig elevmedverknad for DKS - tilbodet på skulane.
Dagen vert leia av lærar ved Firda vgs Anders Fitje
Program og påmelding vert tilsendt i august.

Arrangør: SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE
: Thon Hotel Jølster, Skei.
Tid: onsdag 11. september 10:00 - 15:00
https://sfj.pameldingssystem.no/dks-i-vida...