Folkehelseoversikt i kommunane - Voss

Workshop for vurdering av årsakssamanhengar og konsekvensar.

I samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer Hordaland fylkeskommune til workshop for å gjere vurderingar av årsakssamanhengar og konsekvensar i arbeidet med folkehelseoversikt i kommunane. Dette er ei oppfølging av arbeidet som blei starta i januar/ februar med uthenting av statistikk til oversikta.

Målgruppe: Tilsette i kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane som arbeider med folkehelseoversikt. For diskusjonen sin del er det er ein føremon at fleire frå kommunen deltek.

Generell informasjon til deltakarar:
Påmelding innan 1. juli (følg lenke)
Ta med eigen pc.
Det vil bli servert lunsj.
Det blir sett opp tre workshopar: 29. august og 5. september. Det er lov å melde seg på fleire, men oppbygging og innhald vil vere det same alle tre gangane.

Sjå gjerne lenke for forslag til oppbygging, disposisjon og variabelutval for folkehelseoversikt

Arrangør: SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE OG HORDALAND FYLKESKOMMUNE
: Fleischers hotell, Voss
Tid: torsdag 29. august 10:00 - 15:00
https://www.hordaland.no/nn-NO/kalender/fo...