Illustrasjon: TRY
Arbeidarpartiet størst i skulevalet
Arbeidarpartiet fekk flest stemmer av partia i nye Vestland fylke i skulevalet ved dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane og Hordaland.
Arbeidarpartiet fekk 26,1 prosent av stemmene. På dei neste plassane kjem Høgre med 12,4 prosent, SV med 10,1 prosent og Senterpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne, som begge fekk 9,6 prosent av stemmene.
16 928 elevar frå til saman 51 skular i dagens to fylke deltok i skulevalet. Deltakarprosenten ved skulevalet var på 81,8. No håpar vi alle desse førstegongsveljarane også finn vegen til dei ekte stemmeurnene måndag 9. september.
Valresultat skulevalet 2019 Vestland fylke
Parti | Valresultat i prosent |
Arbeidarpartiet | 26,1 |
Høgre | 12,4 |
SV | 10,1 |
Miljøpartiet Dei grøne | 9,6 |
Senterpartiet | 9,6 |
Venstre | 8,8 |
Framstegspartiet | 6,5 |
Raudt | 5,0 |
Folkeaksjonen nei til mer bompenger | 3,4 |
Kristeleg Folkeparti | 2,7 |
Piratpartiet | 1,8 |
Andre | 3,8 |