Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
Jaktar på unge gründerar
Ein ung gründer i fylket kan vente seg ei hyggeleg førjulsgåve på fylkestinget 8. desember.
Då vert nemleg gründerprisen for ungdom – på 50 000 kroner – delt ut.
Nyvalt leiar i hovudutval for næring og kultur, Karen Marie Hjelmeseter, veit kva det vil seie å vere sjølvstendig næringsdrivande. Odelsjenta takka ja til å ta over garden og driv han framleis, ved sida av å ha ei aktiv rolle i politikken.
– Vi håpar at gründerprisen for ungdom inspirerer til vidare innsats, for vi treng fleire ungdom som tør å ta steget vidare, uttalar ho engasjert på veg ut frå det første møtet i det ferske utvalet.
Kjenner du ein eller ei som fortene prisen, eller er du kanskje ein ung gründer sjølv? Sjå meir om kriteria for å vinne prisen, og kvar du skal sende søknad her!
Fristen for å føreslå kandidatar er 11. november.
Fylkesdirektør

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623
Endre Høgalmen
assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789