Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
SGN Skis tek imot gründerpris for ungdom 2015 frå fylkesordførar Jenny Følling. Foto: Matias Helgheim/Sogn og Fjordane fylkeskommune
Gründerpris til Sogndalsski
Gründerprisen for ungdom 2015 går til SGN Skis og deira innovative ski-produksjon.
Bedrifta held til i Sogndal og tek namnet sitt frå staden. Med skimodellar som «Hurrungane» er den lokale tilknytinga i fylket tydeleg. På fylkestinget 8. desember fekk dei seks gutane i selskapet pris for deira arbeid sidan byrjinga i 2012.
Engasjement
Karen Marie Hjelmeseter, leiar for hovudutval for kultur og næring, heldt tale for vinnarane. Ho rosa bedrifta for å produsere ski som skil seg frå mengda, både på teknologi og design. SGN Skis sel ski for topptur og frikøyring med ein ny kolfiberteknologi og er blant dei lettaste i verda.
– Dei har brei erfaring og kompetanse, godt driv og ikkje minst, dei er personleg opptekne av skisporten, sa Hjelmeseter i si tale.
Lokalt miljø
Sogndal har vore omtalt som landets hovudstad for frikøyring, og det har bedrifta utnytta godt, meiner juryen.
– Det er eit sterkt ski-miljø i Sogn, noko bedrifta har vore flink til å utnytte, med til dømes lokale ambassadørar og som arrangør av lokale konkurransar, sa Hjelmeseter, som og drog linjene tilbake til Sondre Norheim si tid.
– Vi må takke for all støtta vi har fått frå heile fylket, sa vinnarane i sin takketale.
Sjekk frå fylkesordførar
Prisen gir ære og 50 000 kroner. Etter talen kom fylkesordførar Jenny Følling fram og overrekte blomar, sjekk og diplom til dei glade gutane.
Juryen for prisen er samansett av representantar frå Innovasjon Norge, NHO, fylkesmannen og fylkeskommunen i Sogn og Fjordane.
Kontaktperson:
Karen Marie Hjelmeseter
leiar, hovudutval for næring og kultur
karen.marie.hjelmeseter@sfj.no
918 47 736
Fylkesdirektør

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623
Endre Høgalmen
assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789