Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
Etablerarkurs fire stadar i fylket
24. februar startar etablerarkurset for dei som går med ein gründer i magen, opp i Nordfjord, og 26. februar er det oppstart i Sogn. Etablerarkursa tek føre seg kva som trengst og kva det inneber å starte eiga bedrift.
Det vert etablerarkurs i Sogn (Sogndal) og i Nordfjord (Nordfjordeid) no i vår. Til hausten vert det tilsvarande kurs i Sunnfjord (Førde) og HAFS (Dale).
Kvart kurs er sett saman av fire treff
Samling 1 (ein kveld) har som hovudtema «Skal – skal ikkje?», og vi vil prøve å belyse utfordringane med å drive eigen verksemd. Denne samlinga skal dermed hjelpe deg med å avklare om du er klar for å gå vidare med forretningsidéen din no. Du kan delta på første samlinga utan å forplikte deg til å følgje resten av kurset.
På Samling 2 (ein kveld) er det fokus på marknad og kundar. Forretningsmodellering vert gjennomgått for å designe og teste idéen din.
Samling 3 (1 ½ dag) dreier rundt å samanfatte heilskapen i forretningsidéen din, og tema som lønnsemd, risiko og mål og handlingsplanar vert gjennomgått.
Samling 4 (1 ½ dag) er delt mellom løysingsleiing og salsleiing.
Samling 1 og 2 er ettermiddagsamlingar frå kl. 17–21, medan samling 3 og 4 går over to dagar. Tidspunktet for oppstart av desse vil variere. Meir informasjon ved påmelding.
Fylkesdirektør

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623
Endre Høgalmen
assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789