Foto: Medium og kommunikasjon, Sogndal vidaregåande skule
Fagdag om fleirspråklegheit i yrkesfagleg opplæring
Fylkesdirektøren for opplæring inviterer deg som arbeider med fleirspråklege elevar, lærlingar eller tilsette til fagdag i Sogndal, Førde eller på Eid.
Målgrupper for fagdagen er faglege leiarar og instruktørar i lærebedrifter, arbeidslivskontaktar og programfaglærarar på dei vidaregåande skulane – og andre med interesse for temaet.
Det vert fagleg påfyll, nyttige rettleiingsverktøy og rom for erfaringsutveksling. Programmet er sett opp frå kl. 10.00 til kl. 14.30.
Smakebitar frå programmet
- situasjonsbiletet om opplæring i bedrift
- grunnleggjande om kultur og kommunikasjon på ein fleirkulturell arbeidsplass
- "den gode samtalen" – å forstå og bli forstått på ein arbeidsplass
- tilbakemeldingar til vekst og utvikling
Tid og stad
- Sogndal vidaregåande skule 3. desember
- Eid vidaregåande skule 4. desember
- Hafstad vidaregåande skule i Førde 5. desember
Fristen for å melde seg på er 15. november.
For meir informasjon
Essi Mäki
Essi.Annika.Maki@sfj.no
Yrla Klein
Yrla.Klein@sfj.no