Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
Felles cruisestrategi
Fylkeskommunane i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal har på oppdrag frå Vestlandsrådet starta arbeidet med ein felles cruisestrategi.
Ein viktig del av strategiprosessen er å lytte til næringa og få fram flest mogeleg innspel til strategiarbeidet. Det vert arrangert ein innspelkonferanse i kvart av dei fire Vestlandsfylka i løpet av hausten 2015.
Sterk auke i talet på cruisegjestar
Talet på cruisegjestar til Noreg har auka kraftig i løpet av det siste tiåret. Det er difor naudsynt å sjå nærare på korleis vi kan utnytte mogelegheita dette gjev, samstundes som vi finn ein god balanse for korleis vi handterer auken.
Forstudie om felles cruisestrategi
Vedtaket i Vestlandsrådet byggjer på forstudien som blei utarbeidd i oktober i 2014. Grunnlaget for strategiarbeidet er mellom anna hovudmålet i nasjonal reiselivsstrategi om ei berekraftig reiselivsnæring, der cruise er ein viktig del. I arbeidet med forstudien kom det inn ei rekkje høyringsinnspel som peikar ut hovudutfordringane strategiabeidet bør sjå nærare på.
Næringa må med
– Om arbeidet med ein felles strategi for cruise skal munne ut i eit dokument reiselivsnæringane vil stille seg bak, er det avgjerande at vi gjennomfører ein god prosess. Dei som ynskjer det, skal få høve til å kome med innspel, seier prosessleiar Trond Amland.
Han fortel vidare at innspelskonferansane i dei fire vestlandsfylka blir viktige. I tillegg er det avgjerande å sikre at arbeidet baserer seg på fakta og ikkje på synsing.
– I prosessen vil vi difor også samarbeide tett med FoU-miljøa på Vestlandet, slår Amland fast.
Hald av datoane
Interesserte kan alt no merke seg datoane for innspelskonferansane som er under planlegging:
- Stavanger: 28. september 2015
- Bergen: 29. september 2015
- Sogndal: 30. september 2015
- Geiranger: 1. oktober 2015
Programmet og påmeldinga til konferansane vert opna i midten av august.
Kontaktperson i Sogn og Fjordane:
Ingeborg Lysne McEvoy
ingeborg.lysne@sfj.no
57 63 81 73
Prosessleiar:
Amland Reiselivsutvikling ved Trond Amland
Fylkesdirektør

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623
Endre Høgalmen
assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789