Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
Fylkesmesse for ungdomsbedrifter 4. mars i Førdehuset
I desse dagar vert det jobba iherdig i ungdomsbedriftene rundt i fylket. Det er siste innspurt før fylkesmessa 2015.
For dei fleste elevane som driv ungdomsbedrift dette skuleåret, er fylkesmessa 4. mars høgdepunktet, men for nokon stopper det ikkje der: Dei aller beste går vidare til NM i april. Det blir skarp konkurranse om dei attraktive NM-billettane, og dei unge gründerane står på for å vise seg frå si beste side.
Lære ved å gjere
– De unge fortener meir læring gjennom praksis – og vi har god grunn til å tru at arbeid med UE sine program gjer elevane meir motivert til å stå skuleløpet ut, seier Holger Aasen, dagleg leiar for Ungt Entreprenørskap i Sogn og Fjordane.
– Arbeid med ungdomsbedrift gir elevane motivasjon, meistringsglede og verdifull læring. Vår målsetting er å bidra til at det blir ein kultur for entreprenørskap blant unge, og det treng vi i Sogn og Fjordane– no og i framtida, seier han.
God erfaring med bedriftsetableringar
Ungdomsbedrift (UB) gir elevar i vidaregåande skule erfaring med bedriftsetablering innanfor trygge rammer. Gjennom eitt skuleår etablerer, driv og avviklar elevane ungdomsbedrifta, med ein lærar som rettleiar og ein mentor frå lokalt næringsliv.
Ungt Entreprenørskap er en ideell, landsomfattande organisasjon som i samspel med skuleverket, næringslivet og andre aktørar arbeider for å utvikle barn og unge sin kreativitet, skaparglede og tru på seg sjølv.
Les meir om Fylkesmessa 2015 her : http://www.ue.no/Sogn-og-Fjordane/Kalender/Fylkesmesse-for-ungdoms-og-studentbedrifter-2015
Fakta om fylkesmessa
Førdehuset 4. mars frå kl. 09.00–18.00 – Opning 11.30 – prisutdelingar kl. 12.00 og 17.00
28 deltakande ungdomsbedrifter – 225 elevar – 36 lærarar – 35 frivillige inkl. jurymedlemmar
Kontakt
Holger Aasen
dagleg leiar i Ungt Entreprenørskap
958 17 898.
Eivind Husabø
messeansvarleg
415 30 660
Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim
bekka.skaasheim@sfj.no
415 30 956