Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune
Fylkesordføraren opna Newtonrom i Florø
Det andre Newton-rommet i fylket opna i Florø i dag. Det var fylkesordførar Jenny Følling som stod for den høgtidlege opninga, som markerer ei storsatsing på realfag og teknologi.
– Det er viktig å vekke born si interesse for realfaga, og det er viktig å gjere det på deira premissar. Born er naturleg nysgjerrige, og Newton-romma er ein måte å stimulere kreativiteten deira. For målet med Newton-konseptet er å gje born og unge god læring og mestring i naturfag, matematikk og teknologi, sa fylkesordføraren då ho opna rommet.
Moderne undervisningsarena
Newton Flora ligg i sentrum av Florø, saman med Byakvariet. Det er ein topp moderne arena for undervisning i realfag og teknologi for barnehagar, grunnskular og vidaregåande skular i både Flora og nabokommunane.
Flora kommune eig og driftar Newton-rommet, og fylkeskommunen har løyvd 100 000 kr til etableringa av rommet. Dette er det andre Newton-rommet i Sogn og Fjordane. Det første ligg på Firda vidaregåande skule og vart opna i 2011.
Skal skape framtidas arbeidsplassar
Newton-rommet i Florø har energi og havbruk som hovudtema og er del av sponsorprogrammet til Statoil, Morgendagens helter. Elevar i 9. klasse får mellom anna ta i bruk dampturbinar, vasskraft, vindmøller og «berg- og dalbane» for å lage energi. Dei må også opptre som ansvarlege miljøekspertar og utarbeide ein rapport som løyser energiutfordringane i framtida.
– Eg er heilt sikker på at dei unge som veks opp i dag i større grad vil ha kunnskap om og evne til å sjå nye løysingar fordi dei lærer om dette frå dei er små. Framtidas teknologi krev gründerar og innovative menneske som torer å satse. Og eg håpar at ungdommane som får kunnskap her på Newton-rommet no, vil skape framtidas arbeidsplassarac , sa fylkesordføraren.
Fylkesdirektør

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623
Endre Høgalmen
assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789