Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
Høyring – Handlingsplan for cruisestrategien
Har du meiningar om cruisetrafikken på Vestlandet? Handlingsplanen for cruisestrategien for vestlandsfylka er no ute på høyring, og du kan seie meininga di fram til 2. januar 2018.
Handlingsplanen syner føreslegne tiltak innan klima, miljø og verdiskaping på land og femnar om dei to viktigaste innsatsområda innan cruise:
- klima og miljø
- auka verdiskaping på land
Klima og miljø viktige tema
Med ein venta vekst i framtidig cruisetrafikk må vi setje inn tiltak for å ta vare på naturen, miljøet og samfunna våre, og klima og miljø er såleis eit særs viktig innsatsområde. Auka trafikk er eit godt høve til å styrke innteninga i cruiserelatert verksemd på land, noko som skaper arbeidsplassar og ei inntening som kan vidareutvikle reiselivstilboda våre.
Handlingsplanen syner korleis ein kan setje i verk cruisestrategien som Vestlandsrådet vedtok i november 2016. Handlingsplanen vert no sendt ut på høyring, med høyringsfrist 2. januar 2018. Handlingsplanen vert så handsama i kvar av dei fire fylkeskommunane og deretter vedteken av Vestlandsrådet.
Dokument
- Handlingsplan for cruisestrategien 2018-2020 – høyringsutkast
- Høyringsbrev for handlingsplan for cruisestrategien 2018-2020
Dersom du lurer på noko, ta kontakt med Ingeborg Lysne McEvoy på ingeborg.lysne.mcevoy@sfj.no eller Endre Høgalmen på endre.hogalmen@sfj.no.
Du sender innspela dine anten på e-post til post@sfj.no, per post til Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, eller du kan sende inn i skjemaet under.
Fylkesdirektør

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623
Endre Høgalmen
assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789