Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
Foto: Oskar Andersen/Sogn og Fjordane fylkeskommune
Hovudutvalet for næring og kultur skal ta stilling til utdeling av midlar
Fylkesdirektør for næring og kultur ynskjer å gi Nærøyfjorden Verdarvpark 347 000 kr til prosjektet "Stien som ferdselsåre gjennom natur- og kulturarven". Dette skal gjerast vedtak om i hovudutval for næring og kultur den 20. mars 2018.
Prosjektet "Stien som ferdselsåre gjennom natur- og kulturarven" skal ta vare på stien i Aurlandsdalen som ferdselsåre. I lag med frivillige lag, organisasjonar, grunneigarar og næringsverksemder skal Nærøyfjorden Verdsarvpark sørgje for tryggast muleg framkomst i Aurlandsdalen.
Oppgradering og oppsetjing av steinmurar, steinlagde gangbaner og grøfter langs stien er noko av arbeidet som skal setjast i gong. Aurlandsdalen ber preg av slitasje frå all vandringa som skjer i området, vér og vind slit også, samtidig som det har vore ras i dalen. Det er difor naudsynt å oppgradere og utbetre stien.
Fylkesdirektør

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623
Endre Høgalmen
assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789