Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune
Matnyttig kurs om offentlege anskaffingar
Offentlege og private aktørar kom i lag om eit komplekst, men viktig tema da Arnhild Dordi Gjønnes heldt kurs i offentlege anskaffingar i Førde 25. september.
Kvart år går store summar med til offentlege innkjøp. For bedriftene utgjer dette eit stort marknadspotensial. For det offentlege gir det moglegheit til å vere ein drivkraft til å endre marknaden sin karakter og bidra til innovasjon og næringsutvikling.
Innkjøpsreglementet er komplekst, og det er ikkje like lett å ta ut det store potensialet. I alle fall ikkje utan å kjenne regelverket. Derfor inviterte NHO med støtte frå fylkeskommunen til kurs for innkjøpsansvarlege i privat og offentleg sektor til ein full dag med innkjøp frå A til Å.
– Tilbakemeldinga så langt er positiv, og vi er spesielt nøgde med å ha fått til ein god miks av offentlege og private aktørar blant deltakarane. Mykje nyttig informasjon kjem fram når oppdragsgivarar og leverandørar møtest, seier Ingvild Andersen, rådgjevar i nærings- og kulturavdelinga.
Fylkesdirektør

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623
Endre Høgalmen
assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789