Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
Med på cruisestrategi
Fylkeskommunen sluttar seg til felles cruisestrategi for Vestlandsregionen. Målet er ein berekraftig utvikling av cruiseturismen.
Fylkesutvalet vedtok 1. juni at fylkeskommunen sluttar seg til strategien, som er felles for Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Vestlandsrådet starta 5. desember 2014 arbeidet med ein felles strategi.
Berekraftig turisme
Cruisestrategien skal løfte fram relevante utfordringar for den forventa veksten av cruiseturismen i Vestlandsregionen. Målsettinga i strategien formulerast i følgjande problemstilling:
«I kva grad og på kva måte kan aktørane i regionen og det offentlege verkemiddelapparatet saman medverke til at cruiseturismen utviklar seg på ein økonomisk og miljømessig berekraftig måte og gir auka landbasert verdiskaping og lønsemd ?»
Blant verkemidla som blir etterspurde er betre regionalt og nasjonalt samarbeid.
Cruisestrategi for Vestlandsregionen 2016 – 2020
Reiselivsstrategi
For å nå måla ber fylkesutvalet og i vedtaket om at det vert utarbeidd ein handlingsplan for iverksetting av tiltak. Cruisestrategien er meint å vere ein del av den overordna reiselivsstrategien for heile Vestlandsregionen som igjen er ein del av den regionale næringsutviklinga i denne regionen.
Strategidokumentet vart i mars sendt ut på høyring til ei rekkje organisasjonar, bedrifter og offentlege etatar. Det skal etter politisk handsaming i fylka vidare til Vestlandsrådet.
Fylkesdirektør

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623
Endre Høgalmen
assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789