Nettverkssamling for ungdomsråd 8. og 9. november 2014

På samlinga vert det mellom anna informasjon om oppgåvene til eit ungdomsråd, kurs i tale- og debatteknikk og eit eige leiarkurs for dei som er leiarar i ungdomsråda.

Nytt for nettverkssamlinga i år, er at dei kommunane som ikkje har eit fungerande ungdomsråd, har høve til å senda to engasjerte ungdommar. Kommunen står fritt til å senda kven dei vil, til dømes represenfrå elevrådet. Dei får ein unik sjanse til å få inspirasjon og få eit breitt nettverk til å starte sitt eige ungdomsråd i sin kommune. UPU vil hjelpe kommunane med seinare arbeid.

Nettverkssamlinga er for medlemar i ungdomsråd i kommunane, og kvart ungdomsråd kan sende inntil tre deltakarar. For dei kommunane som ikkje har ungdomsråd er det høve til å sende to engasjerte ungdommar, til dømes frå elevrådet..

Samlinga vert på Skei Hotel, med start kl. 13.00 laurdag 8. november.

Frist for påmelding er 03.oktober 2014.

Praktisk informasjon og informasjon om pris finn du her:

Påmelding

Lenke til påmeldingsskjema

For meir informasjon

Guro Høyvik
rådgjevar, kulturavdelinga
mob. 415 30 608
e-post: guro.hoyvik@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut