Foto: Liquid Art/Wikimedia Commons
Presenterer marine grunnkart
Fylkeskommunen har saman med ei rekke andre aktørar utarbeidd marine grunnkart for kommunane Selje, Vågsøy, Bremanger og Flora. Karta og prosjektet vert presentert i Flora 1. mars.
Kartlegging av sjø og sjøbotn er viktig i arbeidet med berekraftig kystsoneplanlegging, forvaltning og verdiskaping.
Prosjektet med marine grunnkart starta i 2015. Når det no skal avsluttast, inviterer vi til eit sluttmøte i Flora samfunnshus torsdag 1. mars. Der vil du få høyre meir om dei marine grunnkarta, korleis vi kan nytte desse i vidare arbeid, og korleis vi kan tileigne oss meir kunnskap.
Her kan du melde deg på presentasjonen og sjå det fullstendige programmet.
Fristen for å melde seg på er 22. februar 2018.
Prosjektet har vore finansiert av
- Norges geologiske undersøkelser
- dei fire kommunane
- fylkeskommunen
- Marine Harvest
- Steinvik Fiskefarm
- K. Strømmen lakseoppdrett
- Marø havbruk
- Karstensen Fiskeoppdrett
- Svanøy Havbruk
- Nordfjord Forsøksstasjon