Sårbarheit i næringslivet
Fleire kommunar i Sogn og Fjordane og Hordaland har lite mangfald i næringslivet. I tillegg har fleire ei sterk tilknyting til konkurranseutsette næringar. Dette er to av fleire trekk ved bedrifts- og næringsstrukturen som kan påverke kor sårbart eller robust næringslivet i kommunen er. Vi har studert dette nærmare i ein rapport om sårbarheita i næringslivet.
Fylkeskommunen skal bidra i arbeidet med omstilling og nyskaping i kommunar og regionar der det lokale næringslivet forvitrar eller forsvinn. Med bakgrunn i dette ynskjer vi å vere merksame på trekk ved utviklinga i næringslivet som kan bidra til ei slik negativ utvikling. Gjennom å studere bedrifts- og næringsstrukturen i kommunane i Sogn og Fjordane og Hordaland, rangerer vi kommunane i ein indeks frå mest til minst sårbare med tanke på næringslivet i kommunen.
Vi studerer også nokre samfunnstrekk som forklarer ein del av forskjellane mellom kommunane, og som difor er av betydning for framtidig sårbarheit i næringslivet. Rapporten, i tillegg til mykje anna statistikk om næringsutvikling, sysselsetting og verdiskaping, er også tilgjengeleg på fylkesspegelen.no.
Plansjef

Synnøve Stalheim
Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260