Foto av dei som deltok på oppstartsmøtet for eit klimaprosjekt mellom kommunane, fylkeskommunen og Vestlandsforsking i mars 2017. Det er 14 personar som er oppstilte på rekke.
Foto av dei som deltok på oppstartsmøtet for eit klimaprosjekt mellom kommunane, fylkeskommunen og Vestlandsforsking i mars 2017. Det er 14 personar som er oppstilte på rekke.

Desse deltok på oppstartsmøtet for forskingsprosjektet Samhandling for grønt skifte. F.v Synnøve Stalheim (plansjef, Sogn og Fjordane fylkeskommune) Trine Alme (Gloppen kommune), Solfrid Trå (Jølster kommune), Jan Roy Dalheim (Årdal kommune), Kaia Moen (Flora kommune), Ørjan Stubhaug (Naustdal kommune), Ida-Beate Mølmesdal (klimakoordinator Sogn og Fjordane fylkeskommune), Carlo Aall (Vestlandsforsking), Eline Orheim (Fylkesmannen), Beate O. Kronberg (Gloppen kommune), Lisbeth Lervik Helset (Stryn kommune), Idun Husabø (Vestlandsforsking), Elin Leikanger (Eid kommune) og Geirmund Dvergsdal (Stryn kommune).

Samarbeider for å nå klimamåla

Ni kommunar skal samarbeide med fylkeskommunen og m.a. Vestlandsforsking i forskingsprosjektet Samhandling for grønt skifte.

Samarblogo.PNG

Det var oppstartsmøte for prosjektet i etterkant av kurset Klimatilpassing mellom fjord og fjell på Skei 14. mars. Prosjektet søkjer å utvikle nye og betre metodar for samhandling mellom regionalt og lokalt nivå i klimaarbeidet. Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom fylkeskommunen, Fylkesmannen, Høgskulen på Vestlandet, KS, NVE og Vestlandsforsking, og skal vare ut 2018.

Utfordrande

Kommunar opplever ofte ein stor avstand mellom forventningar til klimainnsats og kapasitet til å følgje opp desse forventningane.

– Dette kan vere utfordrande for både små og store kommunar. Klimautfordringane og klimatilpassing er store tema, og vi må hjelpe kvarandre for å klare å nå klimamåla og -forpliktingane som ligg i Paris-avtalen, seier klimakoordinator Ida-Beate Mølmesdal i fylkeskommunen.

Kommunane som er med i prosjektet er Eid, Årdal, Gloppen, Stryn, Førde, Jølster, Naustdal, Gaular og Flora. Målet er å utvikle nye måtar for regionale styresmakter å støtte opp om klimaarbeidet i kommunane på. Eit anna mål er å utvikle ei forståing av kva som er skiljet mellom dagens klimapolitikk og klimaomstilling, og kva som må gjerast for å nå klimamåla.

Klima i lokalt planarbeid

Oppstartsmøtet med deltakarkommunane markerte starten på den delen av forskingsprosjektet som skal sjå nærare på lokale prosessar og lokalt planarbeid. I første omgang skal kommunane samarbeide med Vestlandsforsking og klimakoordinatoren i fylkeskommunen om å gjennomføre ei lokal sårbarheitsanalyse for kommunen.

Alle kommunane i Samarbeidsforum i Sunnfjord (SiS) er med i prosjektet.

– SiS har vedteke å utarbeide ein felles plan for klimaomstilling for Sunnfjord. Då er det naturleg at vi også deltek samla i prosjektet Samhandling for grønt skifte. Gjennom prosjektet vil vi kunne få betre oversikt og utgangspunkt når vi set i gang tiltak i den nye kommunen, seier Olve Grotle, ordførar i Førde og leiar i SiS.

Kommunane som deltek i prosjektet, skal kople arbeidet og resultata i forskingsprosjektet opp mot planarbeidet sitt.

Sårbarheitsanalyse på fylkesnivå

Vestlandsforsking jobba i 2016 med ein heilskapleg sårbarheitsanalyse for Sogn og Fjordane. Kommunane i prosjektet har fått presentert rapporten frå dette arbeidet.

Vestlandsforsking har analysert

  • sårbarheit for lokale klimaendringar
  • sårbarheit for klimaendringar i andre regionar og land
  • sårbarheit for ein meir ambisiøs internasjonal og påfølgjande nasjonal klimapolitikk

Resultata i rapporten vil bli nytta som eit kunnskapsgrunnlag for dei vidare lokale analysane i deltakarkommunane rundt i Sogn og Fjordane.

Les meir om prosjektet Samhandling for grønt skifte her.

For meir informasjon

Ida-Beate Mølmesdal
klimakoordinator
ida-beate.molmesdal@sfj.no
476 04 557

Del dette:

Relaterte lenker

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette