Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
Foto: Anita Øygard
Siste sjanse: Delta som utstillar på Nor-Fishing
Sogn og Fjordane fylkeskommune har plass til fleire utstillarar frå fylket under årets fiskerimesse, som vert arrangert i Trondheim 21.–24. august.
– Vi har areal innandørs i den mest populære hallen under messa, noko som gjev tilbydarar av varer og tenester til fiskerinæringa ein unik moglegheit til å marknadsføre seg. Så langt har interessa frå næringa vore skuffande låg, seier Lena Søderholm, marin fagkoordinator i fylkeskommunen.
Bedrifter kan i år kjøpe areal til kostpris (kr. 1800/m2 eks. mva.) og så sjølve styre korleis dei vil nytte arealet. Fylkeskommunen bidreg med fellesareal med stolar og bord.
– Dersom bedrifta di er relativt nystarta (0-5 år) eller har få tilsette (1-7), får du eit særleg økonomisk gunstig tilbod frå fylkeskommunen. Men alle andre bedrifter er også velkomne til å delta, seier Søderholm.
Her finn du meir informasjon om tilbod og prisar: Tilbod om areal Nor-Fishing 2018.pdf
Meir informasjon:
Lena Søderholm
marin fagkoordinator
lena.soderholm@sfj.no
970 35 449
Fylkesdirektør

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623
Endre Høgalmen
assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789