Bilete frå framsyning. To kvinner sit og speler fiolin og cello, ein mann  står og speler på glas. Mellom dei heng ein jordklode.
Bilete frå framsyning. To kvinner sit og speler fiolin og cello, ein mann  står og speler på glas. Mellom dei heng ein jordklode.

Foto: Thor Brødreskift

Skulesekken pakka med plastkunst og klimakonsert

Den kulturelle skulesekken (DKS) er i år pakka med eit stort utval engasjerande og varierte opplevingar – mellom anna fleire produksjonar som set klima- og miljøproblema under debatt.

– Skulesekken vert kvart år fylt med musikk, teater, litteratur og kunst for å nemne noko. Tematisk er det stor spennvidde i innhaldet, og i år tek fleire av tilboda føre seg tema knytt til klima. Formidling gjennom kultur ser vi ofte skaper engasjement rundt ein bodskap, og DKS når fram til alle elevane,   seier Øyvind Sunde Høstaker, rådgjevar i Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane.

DKS-programmet for komande skuleår inneheld i alt 22 produksjonar for skuleelevar på alle nivå, frå 1. klasse til VG3. Heile programmet kan du sjå i ein digital katalog her.

Kva skjer når isen smeltar?

Kva skjer når økonomien, samfunnet, velferdsstaten, fellesskapet, offentleg kunstfinansiering og framtidsutsiktene våre smeltar?

Dette er spørsmål som blir stilt i den unike framsyninga Melting, som kombinerer føredrag, konsert og teater. Melting skal synast fram for vidaregåande skule-elevar i heile fylket som del av Den kulturelle skulesekken.

Framsyninga er også sentral på ein fagdag om klima for elevar og lærarar i vidaregåande skule 11. september. Fagdagen vert arrangert på Skei i Jølster og er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Firda vidaregåande skule og DKS.

Plast – verken fugl eller fisk?

Verken fugl eller fisk tek opp temaet plastforureining i havet i ein to timars kunstverkstad for elevar på mellomtrinnet.

Saman med miljøkunstnarane Kari Prestgaard og Astor Andersen får elevane lage bilete av plastbitar som er samla inn frå strender over heile verda. I samtale med elevane forsøker også kunstnarane å finne ut kva som gjer at noko kan kallast søppel.

Elevane sine arbeid vert fotograferte, slik at dei enkelt kan skrivast ut eller delast i sosiale medium. 

Forfattarmøte på dagsturhyttene

Anders Totland er ein samfunnsengasjert sakprosaforfattar. Han vil møte ungdomsskuleelevar på nokre av dei nye dagsturhyttene i fylket for å diskutere kva som er i ferd med å skje med jordkloden og naturen rundt oss.

Er det mogleg å forstå, mogleg å gjere noko med klima- og naturendringane?  Kva betyr vår livsstil for miljøet? Korleis kan ein ta miljøvenlege val? Og er vi eigentleg villige til å gjere grepa som må til? Med utgangspunkt i dyrevelferd, matproduksjon og overforbruk inviterer Totland elevane til å diskutere.

Forfattarmøta vil finne stad på dagsturhyttene i Aurland, Balestrand, Leikanger, Luster, Lærdal og Årdal. Hyttene er bygde for å senke terskelen til naturopplevingar for folk i fylket.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Øyvind Sunde Høstaker
rådgjevar, Den kulturelle skulesekken
oyvind.hostaker@sfj.no
952 22 168

Eksterne lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00