Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
Skorpa er ei av øyene i Flora som er med i det store breibandsprosjektet kommunen er i gang med. Foto: Carsten Guenther, www.flickr.com.jpg
Storstilt breibandutbygging
Kysten av Sogn og Fjordane har dei siste åra fått 31,2 millionar offentlege kroner til breibandutbygging. Flora er no i gang med det største kommuneprosjektet i fylket nokon gong.
– Vi har alt bygd ut mykje breiband i kystkommunane, og fleire prosjekt er under bygging og planlegging, seier prosjektleiar i fylkeskommunen, Olav Skarsbø.
IT-forum og fylkeskommunen samarbeider med kommunane om breibandsøknadar til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom). Skarsbø fortel at Sogn og Fjordane har fått god utteljing takka vere godt samarbeid.
Største prosjektet nokon gong
I Flora planlegg kommunen no ei stor utlysing for øyane Svanøy, Askrova Rognaldsvåg, Kinn, Batalden, Tansøy, Skorpa, Nærøya, Hovden og Fanøya. Dette er det største breibandsprosjektet som er gjort i ein kommune i fylket noko gong.
– Her har vi fått til eit storstilt spleiselag mellom staten, kommunen og fylkeskommunen på om lag ti millionar kroner i offentleg støtte. I tillegg kjem eigendelen til husstandane og bedriftene. Prosjektet skal ut på anbod rundt nyttår, og vi reknar med det vil vere fleire leverandørar som vil rekne på dette, seier Einar Årdalsbakke i Flora kommune.
På Stavøya fekk Telia oppdraget med å bygge eit særs godt 4G+ mobilnett. Det vart opna i august i år.
Fiber i Solund og Askvoll
I Solund vil nesten alle fastbuande ha eit fullgodt breibandtilbod om godt eitt år. Det er bygd fiber i Hardbakke, Steinsund, Rånøya, Hjønnevåg og til Kolgrov. Ytrøy og Lundøy er under bygging, og Nord Solund er under planlegging.
Bulandet og Værlandet i Askvoll kommune har også fått eit fibertilbod til alle husstandar, der staten, kommunen og fylkeskommunen har bidrege med 3,7 millionar i støtte.
Vedtok breibandstrategi i april
Fylkestinget vedtok i april 2016 ein ny breibandstrategi for fylket. Målet er at alle bedrifter og innbyggjarar i Sogn og Fjordane skal ha tilgang til eller ha prosjekt for å etablere andre generasjon breiband innan 2020. Strategien er fylkeskommunal, men han er avhengig av statleg støtte for å bli realisert.
Plan for utbygging langs kysten
Kommune | Område | Off. støtte | Status | Teknisk løysing |
---|---|---|---|---|
Gulen | Dingja-Norgulfjorden | 940 000 | Under planlegging | Mobilt breiband |
Solund | Steinsund, Rånøya, Hjønnevåg, Kolgrov | 5 630 000 | Gjennomført | Fiber |
Solund | Ytrøy og Lundøy | 1 700 000 | Under bygging | Fiber |
Solund | Nord Solund | 1 100 000 | Under planlegging | |
Askvoll | Bulandet og Værlandet | 3 700 000 | Gjennomført | Fiber |
Askvoll | Atløy | 1 275 000 | Under planlegging | |
Flora | Stavøy | 2 100 000 | Gjennomført | Mobilt breiband |
Flora | Øyane | 10 000 000 | Under planlegging | |
Bremanger | Hauge område | 1 940 000 | Gjennomført | Fiber |
Vågsøy | Nave | 313 000 | Under bygging | Fiber |
Selje | Borgundvåg og Nordfjord hamn | 1 597 000 | Gjennomført | Fiber |
Selje | Lesto-Salt - Årvika-Honningsvågen | 2 200 000 | Under planlegging | |
SUM | 31 220 000 |
For meir informasjon
Olav Skarsbø
prosjektleiar i fylkeskommunen
909 93 462
olav.skarsbo@sfj.no
Fylkesdirektør

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623
Endre Høgalmen
assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789