Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag
Ein barne- og ungdomsarbeider jobbar med pedagogiske tilbod for barn og ungdom.
Som barne- og ungdomsarbeider planlegg, tilrettelegg og gjennomfører du ulike pedagogiske tilbod for barn og ungdom for å stimulere til vekst og utvikling.
Utdanning til fagarbeider er eit yrkesfagleg løp i vidaregående opplæring. Vg2 linja i Florø freistar å gjere deg klar til ein jobb i skule eller barnehage. Du lærer teori om kommunikasjon, samspel og om korleis ein skal te seg i yrket. Elevane får også ta del i mykje praktiske oppgåver i tillegg til å få testa dei ut i arbeidspraksis gjennom skuleåret.
Hvis du tek faga du manglar for å få generell studiekompetanse, er det mange moglegheiter på høgskolenivå, dersom du vil jobbe med barn og ungdom. Eksempel er førskolelærar, vernepleiar, lærar, fritidsleiar og barnevernspedagog. Ulike fagskuletilbod gjev også moglegheit for å få meir kunnskap om barne- og ungdomsarbeid.