
Foto: Focus UB
Vg2 Helsearbeidarfag
Opplæringa kvalifiserer for arbeid med menneske i alle aldrar innan helse- og omsorgstenestene.
Som helsefagarbeider jobber du med menneske i alle aldrar og ulike livssituasjonar. I dette faget lærer du å gje omsorg, grunnleggande sjukepleie, miljøarbeid for pasientar og brukarar av helse- og sosialtenesta.
Ved fullført vg2 er ein kvalifisert for å søkje vidare opplæring i bedrift i helsearbeidarfaget, opplæring i portørfaget eller vg3 påbygging til generell studiekompetanse.
Høyanger vgs har 15 plassar. Vg2 helsearbeidar err ein kombinert klasse. Dvs at skulen tek inn vaksne i tillegg til elevar med ungdomsrett. Vi har gode erfaringar med kombinasjonsklassar på helse.
Fag- og timefordeling
Fellesfag (252 timar)
- Kroppsøving
- Norsk
- Samfunnsfag
Felles programfag (477 timar)
- Helsearbeidarfag
Yrkesfagleg fordjuping (253 timar)
I tillegg er ein ute i praksis i YFF