Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
Foto: Arne Monrad Johnsen/Sogn og Fjordane fylkeskommune
Vil mobilisere bedrifter til å bruke meir FoU
Sogn og Fjordane fylkeskommune lyser no ut midlar som skal motivere bedrifter i fylket til å bruke meir forsking og utvikling (FoU) i utviklingsarbeidet sitt.
Prosjektet VRI4 skal rekruttere og mobilisere til FoU. Det er to typar støtteordningar å søkja på: FoU-startpakken og støtte til mindre prosjekt. I FoU-startpakken kan bedriftene få dekka utgifter til hjelp fram til ein søknad om FoU-midlar.
Målgrupper for VRI4 er bedrifter og nettverk i Sogn og Fjordane. Bedriftene skal høyre heime i verdikjeder med aktivitetar innanfor desse tematiske satsingsområda:
- Fornybar energi
- Landbruk
- Reiseliv
- Sjømatnæringar
Aktive VRI4-utlysingar frå 3. mai 2017
1. FoU-startpakken
VRI4 tilbyr bedriftene støtte til innovasjonsprosessleiar og analysar for dei fire fyrste trinna i innovasjonsprosessen, fram til søknad om støtte til FoU-prosjekt. Trinna er
- driftsanalyse av mål og trend – for å stadfeste ambisjonane og finne FoU-potensiale
- problemanalyse – for å finne kva problem som hindrar måloppnåing
- idéutvikling – for å finne moglege løysingar på det største problemet
- analyse av idéar – for å finne gode og realistiske idéar med FoU-behov
+ skriving av FoU-søknader (restmidlar)
Bedriftene kan få inntil 40 000 kroner i støtte til innovasjonsprosessleiar og 25 000 kroner for kvart av dei fire trinna. Samla tilskot er inntil 140 000 kroner, som bagatellmessig støtte etter statsstøtteregelverket. Det er opp til bedriftene å bestemme kven dei vil ha som prosessleiar.
2. Støtte til små FoU-prosjekt
VRI4 tilbyr støtte til små FoU-prosjekt av type eksperimentell utvikling, saman med støtte til tilhøyrande forundersøkingar.
For alle søknadstypane er det laupande søknadsfristar så lenge det er pengar i potten. Søknadane vert handsama i den rekkefølgja dei kjem inn.
For meir informasjon
Arne Monrad Johnsen
prosjektleiar VRI4
arne.monrad.johnsen@sfj.no
415 30 978
Fylkesdirektør

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623
Endre Høgalmen
assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789