Motiv frå Stryn sentrum

Foto: Mona Steinsland, Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fylkeskommunen deltek i prosjekt om stadutvikling

Bygdepakke Bø og Sauherad har fått 3,8 millionar i forskingsmidlar fra Oslofjordfondet til eit nasjonalt prosjekt om attraktiv stadutvikling. Sogn og Fjordane fylkeskommune og Stryn kommune er partnarar i prosjektet.

Sogn og fjordane fylkeskommune bidreg med midlar og kompetanse inn i prosjektet, som skal gå over tre år og som har ei totalramme på 7,6 mill. Målet med prosjektet er å utvikle samarbeidsmodeller og tiltakspakker på mindre tettstadar sine premiss. Korleis kan ein samordna areal-, transport- og sentrumsutvikling på ein måte som bidreg til meir attraktive, inkluderande og klimavennlege norske tettstadar?

– Dette kan bety mykje for tettstadane i fylket vårt. Ein får vera med på å utvikla ny kunnskap om, og tilpassing av verkemiddelbruken retta mot meir klimavenlege, attraktive og inkluderande tettstadar, i vår målestokk, seier Synnøve Stalheim, plansjef i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Prosjektet er eit samarbeid med følgande partnarar: Bø og Sauherad kommunar (prosjektansvarlig), Transportøkonomisk Institutt (TØI, prosjektleder), By- og regionforskningsinstituttet (NIBR), Vestlandsforsking, Roskilde Universitet, Kungliga Tekniska Högskolan, Vegdirektoratet, Jernbanedirektoratet, Distriktssenteret, Telemark fylkeskommune, Buskerud fylkeskommune, Hol kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Stryn kommune, Nordland fylkeskommune, Sortland kommune. I tillegg ei rekkje lokale aktørar som næringsorganisasjonar og frivillege. I Bø og Sauherad er òg  Universitetet i Sørøst-Norge med.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven